Siste 10 fra Sande
Helse- og Oppvekstutvalet
Næring-, teknisk- og miljøutval
Informasjonskveld arrangert av Autismeforeningen i Møre og Romsdal i Ulsteinvik 24 oktober.
Formannskapsmøte
Varsel om oppstart av privat detaljregulering på Skare Gnr 64 bnr 3
Influensavaksinering i Sande på Elveromsstova
Søknader om rovviltskadeerstatning 2017
Produksjonstilskot og avløysartilskot ferie og fritid - 15.oktober
Ledig stilling - System- og fagansvarleg i SSIKT
Postjournal
Postjournal
02.05.2017

Innsynsrett


Formelle dokument til og frå offentlege etatar, næringsdrivande, verksemder m.m. inneheld sjeldan sensitive personopplysningar som tilseier at desse ikkje kan publiserast på Internett. Dokumenta som omhandlar meir privat forhold, vert avgrensa av personopplysningsloven når det gjeld kva kommunen kan publisere.

Generelt
Sensitive personopplysningar (slik som etisk bakgrunn, politisk eller religiøs oppfatning og helseforhold er unnateke offentleg innsyn og vil derfor ikkje kunne publiserast utan samtykke. Det same gjeld andre personopplysningar som ikkje er unnateke offentleg innsyn, men som vil kunne oppfattast som belastande å få offentleggjort.

Før publisering må kommunen vege mellom omsynet til innsyn og vernet til den einskilde (personvern). I forhold til innsyn i dokument må vi forholde oss til offentleglova og forvaltningslova.

Det er ikkje krav om at den som ber om innsyn må ha sakleg interesse. Krav om innsyn må imidlertid knytt seg til "ei bestemt sak":

Innsyn i offentlege dokument er som hovudregel gratis. Dersom dokumenta det vert bede om innsyn i er tilgjengeleg elektronisk og vert oversendt elektronisk, er det ikkje høve til å ta betalt for dette. Ved utskrift eller kopiering av dokument som i antal er over hundre A4-ark i ei sak, kan forvaltningsorganet krevje ei krone pr ark utover hundre i tillegg til porto å sende ut. Det er også i einskilde høve muleg å ta betalt for utskrift eller kopier på uvanleg format eller av høgkvalitet, eller ved kopiering til anna lagringsmedium enn papir. Betaling kan ikkje overskride dei faktiske kostnadane organet har hatt til kopiering. Det kan ikkje takast betaling for den tida som går med til å handsame krav om innsyn og å kopiere dokument.

Formål
Formålet med innsynsretten er å gi ålmenta innsikt i dei sakene som kommunen handsamar. Innsynsretten gjeld dokument som er i kommunen sine arkiver eller kontor. Innsynsretten gjeld også journal og liknande register og møtekart til folkevalde organ. Eit "dokument" er ikkje berre papirbaserte dokument. Etter loven sin definisjon gjeld retten all lagra informasjon utan omsyn til kva medium som er nytta for lagringa.

Offentleglova sin hovudregel er at alle sakdokument i kommunen er offentlege, dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan unnatakast frå offentleg innsyn, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel før kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meiroffentleg).

Postlister
Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande og utgåande post til eit offentleg organ.
Postlistene gjenspeglar inn- og utgåande korrespondanse i kommunen. Alle arkivverdige dokument som kjem til kommune vert journalført. På same måte vert alle dokument som sakshandsamarane skriv og sender ut, journalført.

Vi gjer merksam på at sakshandsaming som skjer i dei ulike fagsystema i Sande kommune ikkje kjem på postlista. Det gjer heller ikkje arkivdelane elevarkiv, barnehagearkiv, flyktning og koordinerande eining. Vi gjer merksam på at det likevel kan stillast krav om å få utlevert postliste der dokumentasjonen i forhold til desse arkivdelane er med.

Ei postliste er ei opplista oversikt over dette, den skal innehalde namnet på saka og dokumentet, namnet på sakshandsamar, avsendar/mottakar og det skal kome fram om den er unnateke offentleg innsyn.





<<< Tilbake

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen