Siste 10 fra Sande
Ledige stillingar som helsesøster
Helse- og Oppvekstutvalet
Næring-, teknisk- og miljøutval
Informasjonskveld arrangert av Autismeforeningen i Møre og Romsdal i Ulsteinvik 24 oktober.
Formannskapsmøte
Varsel om oppstart av privat detaljregulering på Skare Gnr 64 bnr 3
Influensavaksinering i Sande på Elveromsstova
Søknader om rovviltskadeerstatning 2017
Produksjonstilskot og avløysartilskot ferie og fritid - 15.oktober
Skule
Skule
21.01.2008

Yrkesmessa 2008


Det er igjen duka for Yrkesmesse, i år blir Yrkesmessa arrangert for andre året på rad i Herøyhallen, Herøy kulturhus 23.-24. januar. Styringsgruppa for Yrkesmessa 2008 gledar seg til presentere årets messe for ungdomen, som står framfør viktige vegval i livet. Den maritime næringa dominerar regionen vår, den maritime næringa har då også lett for å dominere yrkesmessene i regionen, men arrangøren er svært opptatt av å variere messa med andre spennande yrker. Det er viktig for elevane som står framfor eit yrkesval og få ei god oversikt på dei ulike yrka som beveger seg i samfunnet. At dei får eit innblikk i kor mange ulike brikker som trengst for at samfunnet skal fungere. Ungdomen skal og ha rett til å velje kva dei vil satse på i framtida.

Yrkesmessa satsar og meir og meir på å motivere ungdomen til å gjere dei rette vala. I fjor satsa Yrkesmessa friskt på motivasjonsseminar med Åge Hareide og Fredrik Steen. På årets messe kjem Cecilie Skog for å fortelje om korleis ho motiverar seg når ho stadig sprengjer grenser med sine ekstreme pol turar. Seminaret med Cecilie Skog har eit viktig bodskap i forhold til prosessen rundt det å ta fatt på ei tilsynelatande vanskelig og utfordrande oppgåve, eller det å setje seg mål i livet.

Det er viktig for dei unge å ha med seg foreldra i denne prosessen, som er så avgjerande for framtida. Derfor satsar Yrkesmessa i år på å halde opent messeområdet onsdag 23. januar frå klokka 16.00-18.00. Då kan foreldre ta seg ein tur ilag med ungdomen, vi opplever også at det kan vere tryggare å ha ein vaksen ilag med seg når ein skal ta steget å snakke med andre vaksne om yrkesmuligheiter. Seminaret med Cecilie Skog vil også vere opent for alle, onsdag ettermiddag klokka 17.00. Då kan alle som ønskjer å bli inspirerte, ta turen til Herøy kulturhus. Og hugs, sjølv den beste kan trenge litt påfyll med inspirasjon ein gong i blant.

For ungdomskulegruppa, som er heilt nye når det gjeld å velje utdanning, har Yrkesmessa valt å tilby ein rekkje miniseminar, der ulike yrker blir presentert. Då kan elevane velje eit yrke eller ein bransje dei kan få nærare opplysingar om. Ved at alle elevane får delta på slike miniseminar, vil Yrkesmessa føle seg tryggare på at elevane reiser heim med litt meir informasjon enn før dei kom. Miniseminara vil bestå av små, og ved stor påmelding, litt større grupper. Yrkesmessa håper at dette kan opne for spørsmål i frå elevane. Erfaringsmessig er det ikkje alltid like enkelt å rekkje handa i veret i framande og store forsamlingar. På heimesida til Yrkesmessa finn ein informasjon om miniseminara, dette kan vere nyttig både for ungdomen og foreldre.

Om det no er bransjar som ikkje har meldt seg på som utstillar, kan ein endå få ein plass. Sjå www.yrkesmesse.no for meir informasjon. Det er svært viktig å prioritere langsiktig rekruttering, også i gode tider.

Yrkesmessa ønskjer alle velkomen til årets messe. Sjå elles annonse og plakatar rundt om kring.


<<< Tilbake

Skulerute 2016 -2017 for Sande kommune
Skuleruta i Sande kommune 2017/ 2018

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen