Siste 10 fra Sande
Jonsokbål i Sande kommune
Oppheving av vatningsforbod
Forbod mot bålbrenning
NAV Sande- stengt onsdag 20.juni
Superfredag 15.juni - Blir du med på Aktivitetsdag på Øya ?
Det kan bli nytt hyttefelt på Gota i Gjerdsvika - offentleg høyring
Kommunestyret
Helsetenester i heimen (heimesjukepleie)
Praktisk bistand – daglege gjeremål (Heimehjelp)
Barnehage
Barnehage
04.02.2009

Hauemarkja Barnehage vann klimakampen


I samband med klimaplanarbeidet som går føre seg i kommunane på Søre Sunnmøre, har fem barnehagar delteke i ein uhøgtideleg klimakamp-konkurranse. I dag vart resultatet kjent – Hauemarkja barnehage vann 1. plassen i lag med Bergslia Barnehage frå Herøy.

I frå juryen har vi saksa følgjande:
”Vi er imponerte over hvor modige dere var til å kaste dere over et prosjekt som ikke var helt "strømlinjeforma", og at dere var så fleksible at dere valgte å legge vekk lenge planlagte aktiviteter, til fordel for Klimakampen. Vi er også imponerte over den innsatsen dere har lagt ned i å omforme våre ikke-barnehagefaglige innspill og oppgaver, til flott arbeid blant barna. Det ser ut til å ha engasjert både ansatte, barn og foreldre, på en måte som har overgått våre forventninger da vi begynte”.

På onsdag var det stor markering av resultatet. Frå Klimaprosjektet vart gode ord, diplom og premiar delt ut. Ordfører Dag Vaagen ga ros til både barn og tilsette i barnehagen for eit godt arbeid og eit flott resultat. Markeringa vart sjølvsagt feira med is og kake.

Vi gratulerer Hauemarkja Barnehage for strålande innsats, og så vonar vi at dette kan motivere alle oss andre i Sande-samfunnet til ein ekstra innsats innan klima- og miljøspørsmål.


<<< Tilbake

Vedtekter for barnehagane pr 21.02.08.pdf

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen