Siste 10 fra Sande
Ledige stillingar som helsesøster
Helse- og Oppvekstutvalet
Næring-, teknisk- og miljøutval
Informasjonskveld arrangert av Autismeforeningen i Møre og Romsdal i Ulsteinvik 24 oktober.
Formannskapsmøte
Varsel om oppstart av privat detaljregulering på Skare Gnr 64 bnr 3
Influensavaksinering i Sande på Elveromsstova
Søknader om rovviltskadeerstatning 2017
Produksjonstilskot og avløysartilskot ferie og fritid - 15.oktober
Barnehage
Barnehage
09.02.2012


Barnehagenettverket i Sjustjerna har siste halve året samarbeidd om utarbeiding av felles verkty for tilsyn etter barnehagelova .
Verktyet er snart klar til bruk, og vil prøvast ut før endeleg sluttføring. Det blir ein digital perm som alle barnehageansvarlege i kommunane på Søre vil nytte ved prosdyrane rundt tilsyn.
Barnehagenettverket har lenge ynskt å få dette reiskapet på plass og gled seg til å prøve ut.
Nettverket fekk midlar frå fylkesmannen til å arbeide med prosjektet, og tilsette prosjektleiar i 50% stilling nokre månadar for å få utført oppgåva.


Det er også utarbeida ein faldar – infobrosjyre til dei som måtte ynskje å vete litt meir om kva tilsyn etter barnehagelova er: Brosjyren er tilgjengeleg på servicekontoret i alle kommunane og på barnehagekontoret, samt nokre eksemplar som ligg ute i barnehagane.
Brosjyra ligg tilgjengeleg på kommunen si heimeside

Dette er tredje gangen barnehagenettverket i Sjustjerna samarbeidar om storeprosjekt.
Første prosjektet i 2009 var Vi Kan Saman - eit utviklingsprosjekt for alle tilsette i barnehagane i dei sju kommunane i samarbeid med Høgskulen i Volda.
Dette prosjektet har ført til at vi vidare jobbar felles om kurs og fagleg oppdatering av tilsette.

Det andre prosjektet i 2010 var utarbeiding av felles rutinar for nytt finansieringssytem i barnehagane. Då samarbeida nettverket med Telemarkforsking. Dette samarbeidet sikrar likelydande handsaming av alle barnehagane på Søre når det gjeld urekning av tilskot.

Siste prosjektet Tilsyn gir innsyn 2011 sikrar likelydande rutinar på alle tilsyn etter barnehagelova i alle kommunane våre. Gjennom planlagt og dokumentert samarbeid oppnår vi naudsynt forvaltningsmessig distanse og gir ei meir kompetent og bærekraftig teneste.
Vi ynskjer at tilsynet skal ha tilstrekkeleg barnefagleg kompetanse og utførast av minst to peronar, for å styrke faglege vurderingar og sikre legitimitet overfor barnehageeigar.
Verktyet vil også gjere arbeidet med tilsyn mindre ressurskrevjande og meir systematisk.

Prosjektgruppa : Reidun Klepp Nilsen og Bodil Brautaset Volda kommune, Borgny Ottestad Knarvik Ørsta kommune, Nina Hovden Eidheim Ulstein kommune, Gry Nordal Hareid kommune, Laila Kvalsund Solhaug Herøy kommune, Elin Rokstad Muren Sande kommune og Britt Iren Kvamme Vanylven kommune. Prosjektansvarleg Beate Farestveit Brandal. Illustrasjonar Laila Kvalsund Solhaug.



Brosjyre - Tilsyn gir innsyn (4.98 mb)

<<< Tilbake

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen