Siste 10 fra Sande
Rådhuset i Sande kommune og sentralbordet er ope i romjula frå kl 9.30 - 14.00
Omsorgsbustad
Vil du ha jobb i helse- og omsorgssektoren i Sande
Ambu - båtskyss i jule- og nyttårshelga 2017/2018
Kommunestyremøte
Formannskapsmøte
Jorunn Breivik - ny fagarbeidar på Sandetun sjukeheim
Tildeling av adressenummer i Sande kommune
Miljøstasjonen i Myklebusmyrane - opningstider
Gjerdsvika barnehage
Gjerdsvika barnehage

Oppfølgjingsprat etter kurskveld om barn og media


Kjetil Fyllingen Frå "BarneVakten" hadde kurs om barn og media i Gjerdsvika. Måndag 5. februar var foreldre samla på skulen til ein oppfølgjingsprat om emnet.

Kjetil Fyllingen frå "BarneVakten" hadde kurs på Fredtun i Gjerdsvika 22. januar. I etterkant av dette kurset var det fleire av foreldra som ytra ynskje om at det måtte arrangerast ein kveld på skulen der ein kunne dele erfaringar, problemstillingar og gode råd rundt dette emnet.
Måndag 5. februar var fleire av foreldra samla. Det var lagt opp til uformell prat, og det fungerte godt. Det er tydeleg at dette er utfordringar som alle foreldra har, eller veit dei kjem til å få.
Foreldra meinte at det er viktig å seie frå når barn har sett filmar eller spelt spel med for høg aldersgrense. Foreldre må tole å ta i mot ein kommentar, ingen bør tru ein har full kontroll.
MSN bør ikkje vere eit "must" her i livet, men mange er nærast avhengige. Det er viktig å gi barna gode, sunne og engasjerande alternative aktivitetar. Barna må vere klar over at foreldra når som helst kan gå inn på MSNen deira. Det er lett å kome borti ting ein ikkje har kontroll over på nettet.
Mobilen er nyttig, men også lett å misbruke. Det er viktig å ha klare retningsliner for barna sin bruk av denne.
Viktig er det også med rettferdige og passande konsekvensar ved overtramp på mobil/nett. Konsekvensane bør vere kjende for barna på førehand.
Ein nyttig kveld for dei foreldra som hadde høve til å ta del.

<<< Tilbake

Gjerdsvika barnehage
Tlf : einingleiar /styrar: 70026780
6083 Gjerdsvika
gjerdsvika.barnehage@sande-mr.kommune.no
Årsplan Gjerdsvika barnehage

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen