Siste 10 fra Sande
Rådhuset i Sande kommune og sentralbordet er ope i romjula frå kl 9.30 - 14.00
Omsorgsbustad
Vil du ha jobb i helse- og omsorgssektoren i Sande
Ambu - båtskyss i jule- og nyttårshelga 2017/2018
Kommunestyremøte
Formannskapsmøte
Jorunn Breivik - ny fagarbeidar på Sandetun sjukeheim
Tildeling av adressenummer i Sande kommune
Miljøstasjonen i Myklebusmyrane - opningstider
Gjerdsvika barnehage
Gjerdsvika barnehage

Inspireande avslutning på perioden med utviklingsarbeid i barnehagen


Barnehagenettverket i Sjustjerna og Høgskulen i Volda kan med stoltheit konstatere at pilotprosjektet vi starta for ca eit år sidan, er ført vel i hamn med godt resultat.


Barnehagenettverket i Sjustjerna og høgskulen i Volda kan med stoltheit konstatere at pilotprosjektet vi starta for ca eit år sidan, er ført vel i hamn med godt resultat.


Mandag 5. oktober 2009 var alle barnehagetilsette i Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda(ca. 650 stk.), barnehageansvarlege på kommunenivå, høgskulen i Volda og Utdanningsforbundet samla til ein festdag på Herøy kulturhus. Vi feira oss sjølve med å suge lærdom av prosess og resultat av utviklingsarbeidet siste året, eit år med djupdykk i temaene IKT og medverknad, språk og språkutvikling, lærerik leik og mat/rørsle samt nyte eit spanande og humorfylt foredrag av Karin Fevåg Larsen ho kalla ”Endeleg mandag”. Sjølve gjennomføringa av dagen gjekk strålande. Stor takk til leiinga ved kulturhuset m/hjelparar og IKT avd. i Herøy og alle i barnehagenettverket.

Pedagogisk leiar Nina Vedeld Telset frå Mork barnehage i Volda opna samlinga i kinosalen med nydeleg song, og høgskulen i Volda og utdanningsforbundet framførte kvar si helsing til forsamlinga.

Latteren sat laust i salen under Karin Fevåg Larsen sitt foredrag, men samstundes vart tilhøyrarane merksame på alvoret. Korleis vi har det i livet og på jobb er mykje avhengig av oss sjølve, våre eigne haldningar og kva vi til ei kvar tid gir fokus. Om innhaldet peika på ansvaret vi alle har for eige liv og helse, var måten ho framførte bodskapen på lett, humoristisk og frigjerande. Den rungande applausen ho fekk etter at ho var ferdig, vitna om særs nøgde tilhøyrarar.

.





<<< Tilbake

Gjerdsvika barnehage
Tlf : einingleiar /styrar: 70026780
6083 Gjerdsvika
gjerdsvika.barnehage@sande-mr.kommune.no
Årsplan Gjerdsvika barnehage

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen