Siste 10 fra Sande
Rådhuset i Sande kommune og sentralbordet er ope i romjula frå kl 9.30 - 14.00
Omsorgsbustad
Vil du ha jobb i helse- og omsorgssektoren i Sande
Ambu - båtskyss i jule- og nyttårshelga 2017/2018
Kommunestyremøte
Formannskapsmøte
Jorunn Breivik - ny fagarbeidar på Sandetun sjukeheim
Tildeling av adressenummer i Sande kommune
Miljøstasjonen i Myklebusmyrane - opningstider
Haugelia barnehage
Haugelia barnehage

VI KAN – SAMAN


Kompetanseheving for vaksne til beste for barn

Det blir oppstart for leiarar i barnehagane 5. sept 2008. Deretter blir det kursdagar og arbeid ute i den enkelte barnehage utover heile barnehagåret 2008/2009. Avslutning med framlegg av resultat/erfaringar planlegg vi til 5. oktober 2009.




5.sept.:På Høgskulen i Volda snakka Lisbet Sæter til ei stor forsamling med styrarar og ped.leiarar om å drive utviklingsarbeid i barnehagane.
VI KAN – SAMAN
Temaer dei barnehagetilsette skal få auka kompetanse på er: Barns medverknad og vaksenrolla i høve til:

IKT
Lærerik leik
Språk og språkutvikling
Mat og Rørsle

Kommunane har fått statlege kompetanseutviklingsmidlar som ein ynskjer bruke på denne måten. Prosjektet vil kreve ein god del midlar, så nettverket håpar på positivt svar på søknad til Fylkesmannen og Utdanningsforbundet om litt meir midlar. Kommunene må uansett bruke eigne ressursar i tillegg for å greie gjennomføre prosjektet.

Målet vårt er å kome i hamn med eit godt prosjekt – der vi har fått til kompetanseheving på eit høgt plan. Kvar einskild av dei 60 barnehagane skal kunne sjå tilbake på eit innhaldsrikt og lærerikt år – som vi håpar dei vil hauste frukter av i lang tid framover. Vi ynskjer med dette prosjektet å gi barnehagane inspirasjon og informasjon nok til å kunne ta fatt på eventuelle nye utviklingsarbeid på eiga hand, og slik utvikle barnehagen og personalet endå meir. Vi ynskjer å bidra til eit stadig meir kompetent personale i ein barnehage i utvikling.


<<< Tilbake

Haugelia barnehage
Haugelia
6082 Gursken
telefon 70025280

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen