Siste 10 fra Sande
Vil du ha jobb i helse- og omsorgssektoren i Sande
Ambu - båtskyss i jule- og nyttårshelga 2017/2018
Kommunestyremøte
Formannskapsmøte
Jorunn Breivik - ny fagarbeidar på Sandetun sjukeheim
Tildeling av adressenummer i Sande kommune
Miljøstasjonen i Myklebusmyrane - opningstider
Høyring: Offentleg ettersyn - budsjett og økonomiplan
Formannskapsmøte
Haugelia barnehage
Haugelia barnehage

Herlege mai


Haugelia barnehage har starta opp vår- og sommaraktivitetane.


Alle borna er med på å sette poteter

Vi klappar jorda fint over poteta

Til 17. mai laga vi ei nydeleg kake i raudt, kvitt og blått
Gjennom året har vi fylgt med fire ulike tre og sett kor dei har forandra seg gjennom årstidene. No når våren er komen og sommaren på veg, så har vi gjort klar potetkassa vår til å sette poteter.

Alle borna fekk vere med å grave holer i jorda til potetene og sette dei nedi. Dei grov molda over potetene og er svært spente på kva som vil skje framover med potetene. Vil det spire snart?

No er det mykje løvetann ute og snart skal vi plukke 200 løvetannar og lage løvetannsirup av dei. Skal tru korleis det vil smake?

Vi håpar på varme og fint vêr framover slik vi kan vere mykje ute og utforske naturen og alle dei flotte insekta som dukkar opp. Dei eldste borna skal òg lære om humla no og jobbe med ulike vassaktivitetar.

Haugelia barnehage ynskjer alle ein herleg mai!


<<< Tilbake

Haugelia barnehage
Haugelia
6082 Gursken
telefon 70025280

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen