Siste 10 fra Sande
Informasjonskveld arrangert av Autismeforeningen i Møre og Romsdal i Ulsteinvik 24 oktober.
Formannskapsmøte
Varsel om oppstart av privat detaljregulering på Skare Gnr 64 bnr 3
Influensavaksinering i Sande på Elveromsstova
Søknader om rovviltskadeerstatning 2017
Produksjonstilskot og avløysartilskot ferie og fritid - 15.oktober
Ledig stilling - System- og fagansvarleg i SSIKT
Ny miljøstasjon på Myklebustmyrane
Pårørandeskulen er utsett
Kvamsøy barnehage
Kvamsøy barnehage
09.10.2007

Vellukka felles planleggingsdag for barnehagane på Søre Sunnmøre


Marjatta Salmela (Tippi) engasjerte 250 tilsette, og fekk alle til å reflektere over eigen praksis og reglar og rutiner i barnehagane.

Mange konkrete situasjonar frå barnehagekvardagen vart tekne fram og reflektert over- her var det mange tips å hente!

Nina Hovden frå Ulstein kommune, Marjatta Salmella ( Tippi), Elin Muren Rokstad frå Sande kommune
Barnehagane hadde ulike kurstilbod å velje mellom. Forteljarkunst, positiv grensesetting i praksis, filosofiske samtalar om matematiske spørsmål, minoritetsspråklege barn i barnehagen, sjølvutvikling /relasjonskompetanse, kunst for barn med utgangspunkt i dei minste var kurstema som Barnehagenettverket Sjustjerna på Søre Sunnmøre hadde samarbeid om og sett opp på ulike stadar i regionen.
Tilbakemeldingar etter kursdagen er positive, og barnehagane er førnøgde med å få eit breitt tilbod å velje i når det gjeld kompetanseheving.
Dette kan ein få til ved å samarbeid over kommunegrensene.

<<< Tilbake

Kvamsøy barnehage
6087 Kvamsøy
tlf 70029660

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen