Siste 10 fra Sande
Rådhuset i Sande kommune og sentralbordet er ope i romjula frå kl 9.30 - 14.00
Omsorgsbustad
Vil du ha jobb i helse- og omsorgssektoren i Sande
Ambu - båtskyss i jule- og nyttårshelga 2017/2018
Kommunestyremøte
Formannskapsmøte
Jorunn Breivik - ny fagarbeidar på Sandetun sjukeheim
Tildeling av adressenummer i Sande kommune
Miljøstasjonen i Myklebusmyrane - opningstider
PPT for Sande og Vanylven
PPT for Sande og Vanylven
03.03.2011
PPT sine tenester
PPT står for pedagogisk-psykologisk teneste, ei teneste for barn og vaksne med særlige opplæringsbehov. Vårt kontor har ikkje oppfølging av elevar i vidaregåande skule.

PP-tenesta er heimla i opplæringslova som seier at PPT si oppgåve i høve skulen er:

1. Organisasjonsutvikling
2. Kompetanseutvikling
3. Sakkunnig vurdering

Opplæringslova seier at tenesta skal hjelpe skulen i arbeid med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. PPT skal sørgje for sakkunnig vurdering der lova krev det før kommunen fattar vedtak om spesialundervisning.

Alle med lære- og utviklingsvanskar kan ta kontakt med PPT direkte. Det mest vanlege er at tilmeldinga skjer i samarbeid med skule/ barnehage skrifteleg på særskilt skjema, gjerne i dialog med PPT i forkant.

PPT er ei rådgjevingsteneste som er frivillig, og tilmelding er alltid i samråd med foreldre.

Tenesta er gratis.

PPT kan yte tenester i høve kartlegging og utgreiing av funksjons- og lærevanskar, rådgjeving knytt til pedagogiske tiltak og rettleiing til foreldre, barn og ungdom.

Tilmeldingsskjema finn du til høgre.


PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeida sakkunning vurdering der lova krev det:
- For elevar som treng spesialundervisning eller førskulebarn som treng spesialpedagogisk hjelp
- Framskynda og utsett skulestart
- Fritak frå opplæringsplikta etter opplæringslova § 2-1
- Rett til teiknspråkopplæring for elevar og førskuleborn etter oppl lova 2-6 og 3-9
- Særskilte rettigheiter for blinde og sterkt svaksynte elevar §§ 2-14 og 3-10
- Rett til særskilt valt utdanningsprogram etter oppl lova § 3-1

Vi innhentar opplysningar om barnet ved å:

- Samtale med barnet sjølv
- Samtale med foreldre
- Samtale med barnehage/skule
- Observere barnet i ulike situasjonar
- Teste barnet med ulike testar, alt etter type vanskar

Vi gir tilbakemelding til foreldre/barn og barnehage/skule om kva slags kunnskap kartlegginga har gitt oss.


Drøfting av kva tiltak ein til dømes kan sette i verk:

- Veiledning/tilråding om tilrettelegging for meistring i barnehage/skole
- Veiledning til heimen
- Vidarehenvisning til 2. linjetenester
- Samarbeid med andre lokale instansar
PMTO - Tilbod om foreldrerettleiing
PPT
Tlf. 70026785
E-post:ppt@sande-mr.kommune.no
Kontoret har merkantil personale på måndag og torsdag 08.00-15.30

Skjema og linkar
Under ligg skjema til bruk ved tilmelding til PPT. I tillegg er det aktuelle linkar til lovverk, veileder og sider som er relevant for tenesta.
Tilmeldingsskjema
Pedagogisk rapport barnehagen
Pedagogisk rapport skule
Søknadsskjema spesialundervisning i Sande
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Veileder i spesialundervisning
§ 5 Spesialundervisning i opplæringslova
Søknadsskjema spesialundervisning førskulebarn
Info om ressursgruppa i Sande
Statped
Foreldrekvardag
Atferdssenteret
Utdanningsdirektoratet

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen