|
|
Fritid, kultur og idrett
|
Fritid, kultur og idrett |
 |
Opning av nye River Plate i Gursken torsdag 23. juni kl 17!
 Det nye, flotte, kunstgrasbaneanlegget River Plate i Gursken skal opnast med stor festivitas førstkomande torsdag, på sjølvaste jonsokaften. Anlegget er oppført av Sande kommune i samarbeid med Gursken IL. Etter kjent mønster for realisering av nokre idrettsanlegg i Sande har idrettslaget vore initiativtakar, pådrivar og har ytt store bidrag til prosjektet i form av pengetilskot og dugnad.
Opninga inngår i eit storstilt program som Gursken IL og Vyrde mannskor har sett i hop for ettermiddagen/kvelden. Spennande! Programmet er også ein del av Vyrde Mannskor sitt kulturutvekslingsprogram der dei denne veka har gjenvisitt av mannskoret Bradlan frå Slovakia.
ALLE er hjarteleg velkomne!
Tidsskjema: kl 1700 -Offisiell baneopning med aktørar frå fjern og nær, samt kulturelle innslag kl 1800 - Opningskamp Larsnes/Gursken FK – HØDD, 2x30 min kl 1930 - Servering, rømmegraut m.m. kl 2030 - Konsert kl 2130 - Båltenning
Meir om arrangementet kan du lese om m.a. i lokalpressa; førehandsomtale og annonse.
|
|
 |
|
|
|