Siste 10 fra Sande
Ledige stillingar som helsesøster
Helse- og Oppvekstutvalet
Næring-, teknisk- og miljøutval
Informasjonskveld arrangert av Autismeforeningen i Møre og Romsdal i Ulsteinvik 24 oktober.
Formannskapsmøte
Varsel om oppstart av privat detaljregulering på Skare Gnr 64 bnr 3
Influensavaksinering i Sande på Elveromsstova
Søknader om rovviltskadeerstatning 2017
Produksjonstilskot og avløysartilskot ferie og fritid - 15.oktober
Fritid, kultur og idrett
Fritid, kultur og idrett

Kulturmidlar


Lag, organisasjonar og andre som driv eller vil starte kulturverksemd kan søkje om kulturmidlar. Søknadsfristen er 15. april kvart år
Husk at det er krav om å legge ved årsmelding og rekneskap for siste år.
Ta kontakt med kulturkonsulenten eller servicekontoret om du har spørsmål vedrørande søknaden. Du kan få hjelp til utfylling av den elektroniske søknaden ved servicekontoret i kommunen.

RETNINGSLINER
1.1. Etter søknad til Driftsutvalet kan det ytast tilskot til personar, organisasjonar, foreiningar, lag og institusjonar som driv eller vil starte kulturtiltak i Sande kommune.

1.2. Til vanleg vert det ikkje ytt stønad til:
a) Lag som først og fremst skal ivareta yrkesmessig og økonomiske interesser for
medlemmane.
b) Lag og organisasjonar utan demokratisk oppbygging og/eller utan ansvarleg styre.

2. Følgjande tilskotsordningar gjeld:

a) DRIFTSTILSKOT TIL LAG/ORGANISASJONAR M.M.
Slik stønad kan ytast når laget jamt driv aktivitetar som går under det utvida kulturbegrepet. Driftstilskot vert gjeve ein gong pr. år med felles søknadsfrist.
Lag og organisasjonar med undergrupper sender samla søknad. Tildeling av tilskot skjer ikkje til undergrupper – men til laget.
Søknaden vert vurdert på bakgrunn av innhaldet i søknaden. Eventuelt tilskot vert vurdert ut frå medlemstal, alderssamansetjing, aktive medlemmar, generell aktivitet, talet og storleiken på underavdelingar og lagseiningar, og kostnadsnivå ved drifta.
Lag og organisasjonar som driv arbeid mellom barn og unge vil verte prioriterte.

b) DRIFTSTILSKOT TIL FORSAMLINGSHUS
Det kan gjevast tilskot til drift og vedlikehald av grendehus, bedehus, lagshus og liknande. Tilskot vert fordelt ein gong pr. år med felles søknadsfrist.

For pkt. a og b gjeld:
Rekneskap for drifta av laget skal leggast fram. For lag som har revisjonsplikt skal revidert rekneskap leggast fram, for andre skal rekneskapen attesterast av ansvarleg leiar/styre. Årsmelding frå laget skal følgje søknaden. Årsmeldinga skal gje eit bilete av laget sitt føremål, organisasjon (styre, leiar, grupper m.m.) og kva for aktivitetar søkjaren driv – tal på samlingar/aktivitetar m.m.

c) STARTTILSKOT TIL NYE TILTAK
Nye lag som går under vilkåra i pkt. 1 kan få starttilskot som eingongsstønad på grunnlag av framlagt budsjett.
Aktiviteten må vere av varig karakter. Tilskot vert utbetalt etter at laget er kome i drift.

d) TILSKOT TIL EINSKILDE TILTAK/ARRANGEMENT M.M.
Slikt tilskot kan gjevast til tiltak som ligg utanfor vanleg drift og lagsrutine, t.d. kulturkveldar, bygdadagar, konsertar, utstillingar, tiltak for spesielle grupper m.m. Eventuelt tilskot vert gjeve ut frå framlagt budsjett eller rekneskap for tilskipinga.

e) TILSKOT TIL LEIAROPPLÆRING
For ordninga tilskot til leiaropplæring gjeld eige søknadsskjema med særskild søknadsfrist

Oppvekst- og kulturutvalet tek avgjerd om dei einskilde søknadane ut frå desse retningslinene og eige skjøn innanfor dei budsjettrammene som gjeld til ei kvar tid.
NB! Tilskot til leiaropplæring kan ikkje søkjast for inneverande år, då ein ikkje har fått kommunal løyving til dette.

18.01.12


<<< Tilbake

Kontoradresse
Rådhuset
6084 Larsnes
Retningsliner for tildeling av kulturmidlar
Søknadskjema kulturmidlar
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Les mer...
Les mer...
Kultursekken
Søknad om tilskot til ordinære nærmiljøanlegg
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
Kulturen - Brosjyre
Kultur- og kirkedepartementet

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen