Siste 10 fra Sande
Ledige stillingar som helsesøster
Helse- og Oppvekstutvalet
Næring-, teknisk- og miljøutval
Informasjonskveld arrangert av Autismeforeningen i Møre og Romsdal i Ulsteinvik 24 oktober.
Formannskapsmøte
Varsel om oppstart av privat detaljregulering på Skare Gnr 64 bnr 3
Influensavaksinering i Sande på Elveromsstova
Søknader om rovviltskadeerstatning 2017
Produksjonstilskot og avløysartilskot ferie og fritid - 15.oktober
Fritid, kultur og idrett
Fritid, kultur og idrett

Fiskarkona til Sandshamn


«Fiskarkona og døtrene hennar – eit hundreårig kvinneminnealbum»
Kvinnehistorisk forteljeframsyning i ord og tonar.

Lørdag 18. februar kl 16.30 på Dollstun. Inngang: kr 150,-


Kven hadde ho vist seg å vere tru, skulptør Tore Bjørn Skjølsvik si fiskarkonestatue på Vågsplassen i Fosnavåg, om ho kunne tre ned av sokkelen og fortelje oss om livet sitt?

Dette er inngongsspørsmålet for forteljeframsyninga «Fiskarkona og døtrene hennar- eit hundreårig kvinneminnealbum», der tilhøyrarane får møte eit utval av dei tusenvis av kvinnene - og borna – som gjennom tidene har utgjort mottaksapparatet for foredlinga av havets grøde i Herøy – liksom langs heile norskekysten.

Gjennom ei samling minnefortejingar frå tidsromet 1860 til 1960 vil forteljar Guri Aasen og fiolinist Andrine Longva Kopperstad gjennom ord og tonar bere til torgs både fiskarbonden og tenestetausa, budakokka og kverkejenta, klippfiskkjerringa og hermetikkarbeiderska, som - ofte på hardt akkordarbeid - ikkje vørde stort at ryggen jamra og fingrane vart hovne og hudlause.
Borna må sjølvsagt óg med, då dei til langt inn i vår tid møtte arbeidslivet i døra frå den dagen hendene var sterke nok til å ro ein færing, mjølke ei ku, bære ein klippfisk, skjære ei torsketunge eller trede eit haud.

Fram til i dag har det vore dokumentert heller lite om desse arbeidsjarna sin innsats, og kunnskapen om den viktige rolla dei har hatt held såleis på å gå i gløymeboka.

Forteljeframsyninga har vekse fram frå skriftlege lokalhistoriske kjelder og gjennom samtalar med 30 kvinner og menn i alderen 45 – 105 år, alle med solid handlingsbåren kunnskap.
Sjølv om delar av forteljingane og persongalleriet er fri diktning frå manusforfattaren si side, byggjer innhaldet på minnebileta som informantane så raust har delt av, og vil difor vonaleg framstå som 100% truverdige.
Eit anna viktig historisk bakteppe er lokalt forankra fotogafi av kvinner i fisketilverkinga, og
eit lite knippe av motiva framstår som framsyninga si scenografiske rame.


Manus/ regi/ forteljar: Guri Aasen
Musikkansvar/ fele: Andrine Longva Kopperstad
Kostyme: Hege Sørdal kreeringsverkastad
Scenografi: Cann AS v/ Anne- Ma Solheim


<<< Tilbake

Kontoradresse
Rådhuset
6084 Larsnes
Retningsliner for tildeling av kulturmidlar
Søknadskjema kulturmidlar
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Les mer...
Les mer...
Kultursekken
Søknad om tilskot til ordinære nærmiljøanlegg
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
Kulturen - Brosjyre
Kultur- og kirkedepartementet

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen