Utanfor allfarveg - heldigvis
+ Stor skriftstørrelse
Siste 10 fra Sande
Forlenga jakttid for hjort i Sande
Lærarutdanning? Eg?
Inger Anne er med på nytt og spennande prosjekt
06.09.10 Protokoll Nærings-, plan og miljøutvalet
Sjømannslege på Sande legesenter
Bygging av nye pasientrom på Sandetun.
Personalfesten 2010
08.09.10 Sakspapir Formannskapet
06.09.10 Sakspapir Nærings-, plan og miljøutvalet
 
Flytte til Sande
Flytte til Sande
10.11.2006
Utanfor allfarveg - heldigvis!
Det gode liv i Sande.
Anten draumen din er ein stille rotur langs land, ein tur med bærspannet til ei bortgøymd myr i skogen, eller du berre ønskjer å finne deg eit nes i vasskanten for å nyte solnedgangen – så kan du kanskje finne det akkurat her. Og ønskjer du å sjå korleis naturkreftene viser makta si, kjenne lukta av sjøen som bryt mot rullesteinane på stranda og høyre måsen skrike når du nærmar deg reirplassen hans, så finn du også det her i Sande: Ei lita øykommune utanfor allfarveg – men likevel ganske så sentralt når du tenkjer over det!

Det meste kan du finne lokalt i kommunen, her har vi nærbutikk, frisør og bensinstasjon, utestader, kyrkjer og offentlege tenester. Og kommunen har eit særs rikt kulturliv med kor, korps, idrettslag, sogelag og foreningar av ulikt slag. Ønskjer ein andre tilbod, så finst dette mindre enn ein halv times køyretur bort frå kommunesenteret – og heller ikkje resten av verda er så langt borte når ein tenkjer over det.
Ein kan slik gjerne seie at om Sande ligg utanfor allfarveg, så kan vi nå det meste på kort tid.
Sande kommune ligg like nord for Stadt og kommunen har i underkant av 2600 innbyggarar, spreidde omkring på fem øyar ut mot havet. Kommunen har ungdomsskular på dei tre største øyane, fem barneskular og like mange barnehagar, altså berre i 5 minutts avstand frå der vi bur! Vi har eit allsidig næringsliv i kommunen; landbruk og fiske er dei tradisjonelle næringane, skipsindustri og maritim produksjon står sterkt, medan det har vore satsa sterkt på turisme dei siste åra. Kva med ein opplevelsesferie for familien på ei rorbu ved sjøkanten, eller ein eksklusiv søndagstur til ”katedralen” i Dollsteinhola?



Vi som er innbyggarar i Sande set pris på den flotte naturen vi har i kommunen vår, det gode oppvekstmiljøet vi kan tilby ungane våre og alle fritidsaktivitetane vi kan delta i. Men vi vil gjerne dele dette med deg, anten det er i form av eit besøk til kommunen vår, eller om du kan tenkje deg å busetje deg her. Vi treng fleire som vil bu ”glokalt” slik som oss:
Utanfor allfarveg – heldigvis!

Er du interessert i meir informasjon om kommunen, ser vi gjerne at du tek kontakt med oss!



22.01.2009
Norskopplæring for vaksne innvandrarar i Sande kommune
Gursken oppvekstsenter
Vaksenopplæringa (norskundervisning for innvandrarar) er lokalisert til
Kvamsøy oppvekstsenter, 6087 Kvamsøy
og Gursken oppvekstsenter, 6082 Gursken

Det vert starta opp grupper – etter behov og påmelding – i august og januar kvart år.

Frå 1.1.09 er følgjande undervisningsgrupper aktive:

GURSKEN OPPVEKSTSENTER – VAKSENOPPLÆRINGA
• Undervisning dagtid 5 – 9 timar fordelt på 2-3 dagar
• Kveldsundervisning – 2 Grupper - måndagar à 3 timar

Prisar: Eigenandel for dei utan rett - er p.t. kr. 75,- pr. time

Sjå elles: Integrerings- og mangfaldsdirektoratet: http://www.imdi.no
: Gursken oppvekstsenter: :http://pedit.no/gs/sande

Sande kommune - heimeside
orientering_om_norskundervisning_-_rett,_rett_og_plikt_og_berre_plikt(2).doc (34 kb)Orientering om norskundervisning;-rett,rett og plikt og berre plikt (34 kb)
sande_kommune_sine_krav_til_deltakarane.doc (27 kb)Sande kommune sine krav til deltakarane. (27 kb)
doeme_paa_avtale_om_undervisning.doc (26 kb)Døme på avtale om undervisning (26 kb)
info_til_arbeidstakere_fraa_eoes-_eller_efta-omraadet.pdf (457 kb)Info til arbeidstakarar frå EØS- eller EFTA området (457 kb)
rett_og_plikt_engelsk.pdf (185 kb)Rett og plikt -engelsk (185 kb)
rett_og_plikt_thai.pdf (143 kb)Rett og plikt -thai (143 kb)
rett_og_plikt_tyrkisk.pdf (230 kb)Rett og plikt -tyrkisk (230 kb)
rett_og_plikt_russisk.pdf (235 kb)Rett og plikt - russisk (235 kb)

21.05.2007
Sandebrosjyren
Det gode liv i Sande!
Det gode liv i Sande handlar om Sande som bukommune, kor fint vi har det, kor nær vi er, og kor trygt og triveleg vi har det her. Brosjyren presenterer eit tenestetilbod som få kan matche, eit variert næringsliv, gode kommunikasjonar og eit rikt kulturliv.
brosjyre.pdf (2.07 mb)Det gode liv i Sande (2.07 mb)

22.01.2007
Vellukka deltaking på Skandinaviske dagar i Nederland
Ellen og Elfrid Køning saman med dei to barna sine,flyttar til Sande i april.
19. og 20. januar deltak Sande kommune på Skandinaviske dagar i Leusden i Nederland.
2800 personar var innom messa på laurdag. Nederlendarar med interesse for å etablere eit nytt liv i rolegare omgjevnadar i Noreg eller Sverige, møtte opp for å få meir kunnskap om kva ulike kommuner kan tilby dei av arbeidsplassar, bumiljø, fritidsaktivitetar,frisk luft og god plass.
Mange hadde bestemt seg for kva område ein ynskjer å flytte til, og er på leiting etter å finne passande jobbar.
Sande kommune hadde mange besøkjande som var interesserte i å høyre meir om vår kommune og vår arbeidsmarknad.

Les meir...

10.11.2006
Rekrutteringsprosjektet
Sande kommune sitt rekrutteringsprosjekt har no starta for fullt. Placement Utvikling som er vår samarbeidspartnar er i full gang med å sluse potensielle nye innbyggjarar til kommunen vår. Om ikkje lenge vil vi sjå dei første konkrete resultata.
Les meir...

Tidlegare artiklar:
 
Hus og hyttetomter
Infokart Sande kommune
Ledige leiligheiter og hus august 2010