Siste 10 fra Sande
Ledige stillingar som helsesøster
Helse- og Oppvekstutvalet
Næring-, teknisk- og miljøutval
Informasjonskveld arrangert av Autismeforeningen i Møre og Romsdal i Ulsteinvik 24 oktober.
Formannskapsmøte
Varsel om oppstart av privat detaljregulering på Skare Gnr 64 bnr 3
Influensavaksinering i Sande på Elveromsstova
Søknader om rovviltskadeerstatning 2017
Produksjonstilskot og avløysartilskot ferie og fritid - 15.oktober
NAV Sande
NAV Sande
26.02.2010
NAV-kontoret i Sande er budd på nytt lovverk.
Dei tilsette ved NAV-kontoret har i lang tid førebudd seg på det nye lovverket som trer i kraft 1. mars. Dagens mottakarar av attføringspengar, rehabiliteringspengar og tidsavgrensa uføre skal over på ein ny stønad som heiter Arbeidsavklaringspengar (AAP). Det er i underkant av 400 brukarar i dei Herøy og Sande kommunane som skal over på den nye ordninga. NAV-leiarene Trine Pilskog og Berit Lyngstad håper alle som har mottatt informasjonsbrev, har fått med seg dei viktigaste endringane.

Meldekort og registrering på nav.no
- Den største endringa gjeld nok innsending av meldekort, seier NAV-leiar i Sande, Trine Pilskog. Meldekortet skal sendast kvar fjortande dag, og dei aller fleste i målgruppa kjenner til denne ordninga frå før. Pilskog understrekar kor viktig det er at dei som ikkje sendar meldekort i dag, registrerar seg på nav.no i god tid. – For å sende meldekort treng alle eit brukarnamn og eit passord. Dette får ein ved å registrere seg på nav.no. Mange greier dette sjølv, men dei som treng hjelp til å få registrert seg må ta kontakt med det lokale NAV-kontoret, sier Trine Pilskog. I vekene framover vil NAV sende ut meldekort og meir informasjon om ordninga til alle berørte brukarar.

Utbetaling kvar fjortande dag
Ei anna viktig endring er utbetalingsdatoane. Dei som mottek rehabiliteringspengar eller tidsavgrensa uførestønad, får i dag utbetaling ein gong i månaden. Når desse går over på arbeidsavklaringspengar, kjem utbetalinga kvar 14. dag, nokre dagar etter at meldekortet vert sendt inn. – Det er informasjonen frå meldekortet som er grunnlaget for utbetalinga, og derfor kjem også den kvar fjortande dag, seier NAV-leiar i Herøy Berit Lyngstad. For nokre brukarar kan det vere lurt å kikke på kva avtale man har med banken sin når det gjeld lån og andre oppdrag. – Det er viktig at ikkje overgangen til ny ordning gjer at nokken får problem med faste trekk basert på ei månadleg utbetaling, som no blir delt i to, seier Berit Lyngstad.

Fleire moglegheiter
Dei tilsette ved begge kontora er glad for den nye ordninga. I dag er fleire virkemiddel og tiltak knytt opp til kva stønad den enkelte har. I nokre tilfeller har det betydd at NAV ikkje har kunne setje i gang det tiltaket som brukaren hadde mest behov for, då rettane til eit slikt tiltak har vore knytt til ein annan stønad. – Med det nye regleverket kan vi i enda større grad setje i gang tiltak basert på den enkeltes individuelle behov, og det er ei endring vi gler oss til, seier Trine Pilskog og Berit Lyngstad.


NAV Sande
Opningstid: 10.00 - 12.00 måndag, onsdag og fredag

Telefontid 08.00 - 15.30 alle dagar
Telefon 55 55 33 33
Adresse: Rådhuset 1. etasje
Epost:nav.sande.mr@nav.no

Postadresse: Nav Sande
Rådhuset
6084 Larsnes
Tilsette
Hilde Knotten Dyrhol,leiar
Toril Urkedal, barnevernsleiar
Ann Kristin Ringstad
Ingrid Bowden
Ingunn Eltvik
May-Britt Mork
Trude Ekrem Lillebø
SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Kirkens SOS
Krisetelefonen 22 40 00 40
Folkehelseoversikt Sande kommune 2015-2018
Helse- og omsorgstenestelova
Mål for NAV - reformen
1. Fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad.
2. Enklare for brukarane og tilpassa brukarane sine behov.
3. Ei heilheitleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning.

PMTO - Tilbod om foreldrerettleiing
NAV.no
Familievernkontoret
Kva hjelp kan du få?
Hjelpa vert m.a ytt i form av råd og rettleiing, økonomisk stønad, samtaler, krisehjelp, gjeldsrådgjeving og tiltaksarbeid. Tenesta skal bidra til å skape tryggleik og god helse- og sosiale tilhøve for innbyggjarane.

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen