Siste 10 fra Sande
Næring, teknisk og miljøutval
Transporttenesta for funksjonshemma
Standrydde-aksjonen var vellukka
Kommunestyret
Vasslekkasje i Hallebygda
Hjorteteljing 2018
Oversikt over lag og organisasjonar
Feil på levering av vatn til Øvre Knotten
Har du gode foto frå Sande kommune?
Kunngjeringar og høyringar
Kunngjeringar og høyringar
09.02.2018

Høyring - forskriftsendring vedr. skulestrukturen i Sande


I medhald av kommunestyrevedtak 06.02.2018 vert høyringsdokument vedr. forskriftsendring om skulestrukturen i Sande send ut på høyring.

Høyringsinstansar:

Råd for funksjonshemma
Ungdomsrådet
Rådsorgana ved alle skulane
Elevråd
Foreldreråd
Samarbeidsutval
Arbeidsmiljøutval
Oppvekstsentra i Sande (tilsette)
Utdanningsforbundet Sande
Andre relevante arbeidstakarorganisasjonar
Grendalaga i alle bygdene
Andre brukarar av skulane
Fylkeskommunen


Har du merknader, kan du sende dei til
Sande kommune, Rådhuset,
Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes,

eller til
sande.kommune@sande-mr.kommune.no


eller ein brukar det elektroniske skjemaet
Offentleg høyring -høyringssvar



Høyringsfrist: Fredag 6. april 2018




Om saka:
I forpliktande plan for Sande kommune i samband med at kommunen kom på ROBEK-lista i 2016,vart det vedteke å sette i verk omstillingsprosessar for å gje kommunen ein berekraftig økonomi,dvs. halde tenestene innanfor eit positivt driftsresultat.
Som resultat av dette vart det i PS 2/17 i kommunestyret utnemnd ei prosjektgruppe som skulle vurdere skulestrukturen i lys av innsparingskrava i forpliktande plan.
Gruppa var samansett av politikarar, representantar for dei
tilsette og organisasjonane.
Gruppa arbeidde fram ein rapport som vart offentleggjort i oktober 2017.

Prosjektgruppa innanfor oppvekst har i sin rapport lagt fram alternative modellar for framtidig skulestruktur i Sande, basert på analyser av sterke og svake sider, og økonomisk innsparing.
Om vidare framdrift skriv prosjektgruppa:
«Med dette vurderer omstillingsgruppa at oppgåva gjennom tildelt mandat er utført.Ei samla omstillingsgruppe vil kunne tilrå at ovannemnde modellar vert sende på høyring til partar i nærmiljøet, samarbeidsorgan i skulen, arbeidstakarorganisasjonar, Møre og Romsdal fylkeskommune, mm.»

I PS-06/18 gjorde kommunestyret i Sande slikt samrøystes vedtak:
VEDTAK:
Kommunestyret legg til grunn at modell A ikkje vil vere aktuell dei nærmaste åra. Modell B og C vert sendt på høyring. Høyringsfristen vert sett til 6. april 2018.


Saksutgreiinga og vedlegga til denne saka ligg tilgjengelege på kommunen sine web-sider. Sjå i lenka under
Utifrå vedtaket i kommunestyret vert vedlagde høyringsdokument som er redigert i samsvar med kommunestyret sitt vedtak, sendt ut på offentleg høyring til dei instansar som er lista opp.

Larsnes 08.02.18
Rådmannen



Her finn du saksutgreiinga
Høyringsdokument - Skulestruktur i Sande kommune.pdf (7.72 mb)

<<< Tilbake

SANDE KOMMUNE
Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Send ditt høyringssvar her

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen