Siste 10 fra Sande
Næring-, teknisk- og miljøutval
Grunderkurs for deg som går med ein god ide
Endring på legekontoret
Skulerute i Sande 2017/ 2018
Tilskot til drenering av jordbruksjord 2017
SMIL-midlar 2017.
Valstyre
Asfaltering på Almestad
Skulestart i Sande
Kunngjeringar og høyringar
Kunngjeringar og høyringar
08.05.2017
Ruteendringsprosessen 2018 - ferje, hurtigbåt og bussruter
Sande kommune er bedne om å kome med innspel til Møre og Romsdal Fylkeskommune på ferje-, hurtigbåt- og bussruter gjeldande frå 1. mai 2018. Innspel gjeld også for julerutene for jula 2018.

Frist for innspel frå lag, organisasjonar og privatpersonar vert sett til 29. mai 2017


Les meir...

07.04.2017
Høyring om lokal forskrift om rett til sjukeheimsplass eller tilsvarande bustad med heildøgnstenester
Sande formannskap vedtok i møte den 4. april, sak F-31/17 å legge framlegg til lokal forskrift om rett til sjukeheimsplass eller tilsvarande bustad med heildøgnsteenster ut på høyring.

Høyringsfristen vert sett til 05.05.2017.

Les meir...

08.02.2017
Varsel om oppststart av planarbeid for naustområde i Gursken Gnr 17 Bnr 2
I medhald av Plan- og bygningslova varslar ein med dette om oppstart av detaljregulering etter PLB § 12-3 av naustområde på Sætre i Gursken.
Området Fn 12 er i kommuneplan avsett til naustområde i kommuneplanen.



Les meir...

23.12.2016
Høyring - Storevik naturresservat - grenseendringar
Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil med dette høyre ei mindre grenseendring i Storevik natur-reservat i Sande kommune. Endringa medfører ei tilpassing av vernegrensa slik at bygningar og infrastruktur vert halde utanfor naturreservatet. Arealet av naturreservatet vert ikkje endra etter dette.
I samband med dette vert eigedomsopplistinga i verneforskrifta oppdatert, og det vert gjort nokre språklege endringar .
Les meir...

29.11.2016
Høyring: Offentleg ettersyn – budsjett og økonomiplan
I medhald av kommunelova § 44 nr. 7 vert formannskapet si tilråding til budsjett 2017 m/ betalingsregulativ og økonomiplan 2017 – 2020 med tilhøyrande dokument lagt ut til offentleg ettersyn på Rådhuset og på heimesida i perioda 30.11. – 13.12.2016.
Høyringsfrist: 13.12.2016 kl 12.00


Les meir...

24.11.2016
Reguleringsplan Gjerde, Gjerdsvika
Sande formannskap har i møte den 26.10.2016, F-sak 104/16,vedteke at eit framlegg til reguleringsplan for bustadfelt Gjerde i Gjerdsvika skal utleggast til offentleg ettersyn i samsvar med § 12-10 i Plan og bygningslova.
Planframlegg med førsegner og tilhøyrande saksdokument vert med dette utlagt til offentleg ettersyn og sendt til berørte grunneigarar og ulike offentlege instansar til uttale i samsvar med § 12-10 i Plan og bygningslova.
Les meir...

24.11.2016
Reguleringsplan Almestad, Gursken
Sande formannskap har i møte den 26.10.2016, F-sak 105/16 godkjent framlegg til reguleringsplan for Bustadfelt Almestad M=1:1000 dat.30.6.2016 m/reguleringsføresegner.

Planframlegg med førsegner og tilhøyrande saksdokument vert med dette utlagt til offentleg ettersyn og sendt til berørte grunneigarar og ulike offentlege instansar til uttale i samsvar med § 12-10 i Plan og bygningslova.
Les meir...

26.10.2016
Varsel om oppstart av regulering Gnr 63 Bnr 10 - hyttefelt på Voksa
I medhald av Plan- og bygningslova varslar ein med dette om oppstart av detaljregulering etter PLB § 12-3 av område nord for ferjekaia på Voksa.
Området Fh11 er i kommuneplan avsett til fritidsbustader.
Detaljregulering inneheld område for fritidsbustader og tilhøyrande småbåtanlegg.
Les meir...

03.10.2016
Innspel til Sande kommune sin kulturminneplan
Sande kommune har etter forventning frå regjeringa utarbeidd forslag til kulturminneplan.
I denne planen skal ein registrere og verdisette kulturminne av lokal verdi.
Utkast til planen er utarbeidd i samarbeid mellom Sande kommune og
* dei ulike soge- og kulturlaga i kommunen
* frivillige
* Møre og Romsdal fylkeskommune



Les meir...

23.09.2016
Tildeling av vegnamn i Sande kommune - høyring med frist 14.10.16
Sande Kommunestyre har i sak K-26/14 vedteke å innføre vegadresser i heile Sande kommune.
Adressesystemet skal inn i eit samordna nasjonalt system som byggjer på felles retningslinjer.
Namnenemnda har utarbeida eit forslag til namn på vegane som er sendt inn til Teknisk eining.

Teknisk eining legg med dette namna ut på høyring.



Les meir...

05.09.2016
Stadfesting av detaljreguleringsplan for Vågsneset i Gursken
Sande kommunestyre har i møte den 21.6.2016,K-sak 57/16 vedteke å stadfeste detaljreguleringsplan for Vågsneset i Gursken.




Les meir...

02.06.2016
Ruteendringsprosessen 2017 - Har du innspel ?
Den årlege ruteendringsprosessen for ferje-, hurtigbåt- og bussrutene vil starte i august 2016. Evt endringar vil gjelde frå 1.mai 2017. Alle hurtigbåtruter og enkelte buss- og ferjeruter har ruteendringar frå 1.januar 2017.
Fristen er 10.juni 2016 for å kome med innspel.
Innspela skal sendast til Sande kommune.
Les meir...

26.02.2016
Reguleringsplan Vågsneset - offentleg ettersyn
Sande formannskap har i møte den 16.2.2016,sak 15/16 vedteke eit framlegg til reguleringsplan Vågsneset m/føresegner.

Planframlegget vert utlagt til offenteleg ettersyn i tidsromet 1.mars til 12.april 2016.
Les meir...

10.12.2015
Oppstart av planarbeid Gjerde - Gjerdsvika
Les meir...

10.12.2015
Oppstart av planarbeid Almestad - Gursken
Les meir...

25.11.2015
Reguleringsplan Kjelsvika - Kunngjering - høyring ved offentleg ettersyn etter §12-10 i Plan- og bygningslova
I medhald av §12-10 i Plan- og bygningslova vert forslag til reguleringsplan Kjelsvika sendt ut på 1. gongs høyring og offentleg ettersyn.
Planframlegg og saksdokument er å finne på heimesida her.
Les meir...

SANDE KOMMUNE - 150 år i 2017
6084 Larsnes
Telefon : 70026700
Telefax : 70026701
Kommunenr: 1514
Org.nr: 822 534 422
Bank: 3906.07.50061
Opningstider: 09.30-14.00

Send e-post
Send ditt høyringssvar her

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen