Siste 10 fra Sande
Transporttenesta for funksjonshemma
Standrydde-aksjonen var vellukka
Kommunestyret
Vasslekkasje i Hallebygda
Hjorteteljing 2018
Oversikt over lag og organisasjonar
Feil på levering av vatn til Øvre Knotten
Har du gode foto frå Sande kommune?
Formannskapet
Omsorgsbustad
Omsorgsbustad
15.12.2017

Omsorgsbustad

Retningslinjer for tildeling av kommunal omsorgsbustad

Lovgrunnlag:
Etter lov om Helse- og omsorgstenester skal kommunen medvirke til å skaffe bustad til personar som ikkje kan ivareta sine interesser i bustadmarknaden.

Kommunale omsorgsbustader er ikkje eit lovpålagt tilbod. Kommune har likevel valt å disponere og prioritere omsorgsbustader for dei med særleg behov for tilpassa bustad.

Målsetjing:
Kommunenes innbyggjarar som har behov for tilrettelagt bustad grunna fysisk, sosial og/eller psykososial funksjonsnedsetting kan få tilbod om omsorgsbustad.

Omsorgsbustad – definisjon
Ein omsorgsbustad er ein bustad som er fysisk tilrettelagt, mellom anna med universell utforming for å vere tilpassa bebuarar med nedsett funksjonsnivå. Bustaden skal vere tilpassa slik at den eller dei som bur der skal ha moglegheit til å Helse- og omsorgstenester. Omsorgsbustaden er bebuaren sin eigen heim, og Helse- og omsorgstenester vert gitt på same måte som for andre heimebuande.

Sande kommune har ulike omsorgsbustader:

For brukarar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester:
• Sørhagen og Haugetun som er lokalisert i Sandetun omsorgssenter
• Elvebakken, for dei som treng omfattande tenester
For brukarar som treng helse- og omsorgstenester:
• Elverom og Utsikta som er lokalisert i nærleiken av Sandetun omsorgssenter
• Riises Minne som er lokalisert i Gjerdsvika.

Ein kan ikkje søkje spesifikt på namngjeven omsorgsbustad. Bustad vert tildelt, etter at kommunen har kartlagt behovet til søkjar, og kome fram til kva omsorgsnivå søkjar har behov for.

Kriterier for tildeling:
• Det må foreligge ein skriftelig søknad.
• Søkjar må ha folkeregistrert adresse i Sande kommune i minimum 2 år forut for søknad. Viss ikkje må det føreligge dokumentasjon på særlege forhold.
• Eit bustadbehov aleine gir ikkje rett til omsorgsbustad.
• Noverande bustadforhold skal vurderast og kommunen kan foreslå tilpassing av eigen bustad der det er aktuelt.
• Dagtilbod og alternativ bustad skal vere prøvd og/eller vurdert før tildeling
• Søkjar må ha behov for Helse- og omsorgstenester
• Ved tildeling av omsorgsbustad i Sandetun omsorgssenter må søkjar ha behov for heildøgns Helse- og omsorgstenester
• Søkjar må ha behov for tilsyn på grunn av sjukdom eller funksjonshemming
• Søkjar klarer ikkje å ta vare på seg sjølv i eigen heim med tilpasning av tenester.

Prioritering
Dersom talet på søkjarar er større enn omsorgsbustader kommunen har til disposisjon, vert det gjort ei prioritering. Ved prioriteringa skal det leggast vekt på grad av hjelpebehov, og spesielt behovet for Helse- og omsorgstenester.

Søkjarar som etter ei samla vurdering har størst behov for omsorgsbustad, samt behov for helse- og omsorgstenester skal prioriterast, samt at det skal takast særleg omsyn til personar med særskilte behov for tilpassa bustad, for å forhindre eller utsette institusjonsplass.

Dersom eigna bustad ikkje er ledig, skal søkjar setjast på venteliste.


Gebyr 2018-husleiger.pdf (289 kb)

<<< Tilbake

Søknadsskjema - omsorgsbustad
Her finn du søknadsskjemaet
Betalingssatsar omsorgsbustad
Satasar vedtekne i KST-sak 64/17 den 12.12.17
Elverom: kr 6474,-
Elvebakken: kr 6606,-
Haugetun: kr 6606,-
Utsikta: kr 6606,-

Alle prisar inkl komm avgifter, men utan straum og innboforsikring
BETALINGSSATSAR 2018
KONTAKTINFORMASJON
Kari-Johanne Skarmyr
Einingsleiar heimetenesta
Tlf 70026742
Mobil: 95918965
Epost :kjsk@sande-mr.kommune.no
Send e-post

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen