Siste 10 fra Sande
Kulturverntilskot - søknadsfrist 15.oktober
Vil du bli ny rådmann i Sande kommune?
Badeskum på fjorden eller kva er det?
Vil du prøve deg som brannmann? Interessert i ambulansetenesta?
Brot på vassforsyninga på Åram
Hurra, no er det språkkafe igjen!
Revisjon av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet
Folkemøte om hamneutbygging i Gjerdsvika, Adolfbuda 3.oktober kl 18.00
Kulturprisen for Sande 2018
Startlån og tilskot
Startlån og tilskot
04.01.2018

Startlån og tilskot


Startlån kan vere ei mogelegheit til å kome inn på bustadmarknaden for husstandar som ikkje får vanleg bustadlån eller som har vanskar med å bli buande i bustaden si.

Ein kan og søkje om tilskot til etablering.

Ved behov for tilpassing i bustaden, kan ein søkje om tilskot til tilpassing.

Har du langvarige finansieringsproblem i samband med kjøp av bustad, kan startlånet bidra til at du kan skaffe deg ein nøktern og rimeleg bustad.

Startlånet blir gjeve som topp- eller fullfinansiering til
- kjøp av bustad
- utbetring og tilpassing av bustad
- refinansiering av dyre lån slik at husstanden kan bli buande i bustaden



Søknadsskjemaet finn du i lenkja under. Send med nødvendig dokumentasjon. For at søknaden din skal verte behandla, må vi ha dokumentasjon på at du ikkje får lån eller tilstrekkeleg lån i privat bank.
Les meir på husbanken si nettside på lenkja under.

Du kan også ta kontakt med vår sakshandsamar Julianne Midtbø

tlf 70026700 eller på epost:

sande.kommune@sande-mr.kommune.no


Les meir om startlån her

<<< Tilbake

Bustønad og Startlån

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen