Siste 10 fra Sande
Har du ledig hus / leilegheit?
Kulturverntilskot - søknadsfrist 15.oktober
Vil du bli ny rådmann i Sande kommune?
Badeskum på fjorden eller kva er det?
Vil du prøve deg som brannmann? Interessert i ambulansetenesta?
Brot på vassforsyninga på Åram
Hurra, no er det språkkafe igjen!
Revisjon av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet
Folkemøte om hamneutbygging i Gjerdsvika, Adolfbuda 3.oktober kl 18.00
Følgjekort
Følgjekort
09.01.2018
Treng du følgjekort?
test
Sidan 2001 har kommunen hatt ordning med følgjekort.

Alle funksjonshemma som har behov for følgjeperson på kulturaktivitetar kan søkje om å få kortet. Det vil gi rett til å betale for ein person på arrangementet under føresetnad av at arrangør har akseptert ordninga.

Følgjekort gjer det muleg for funksjonshemma å ha med seg følgje på diverse fritids- og kulturarrangement utan at følgjehjelpar må betale inngangsbillett. Følgjebeviset gjeld også offentleg transport der den funksjonshemma treng assistanse for å kunne reise.

Følgjekortet er eit personleg kort med namn og bilete som fortel at vedkomande er avhengig av å ha med seg følgjehjelp.


Dei som får innvilga ordninga, får tilsendt eit kort som er gyldig for tre år i gongen. Dette gjeld og utanfor kommunegrensene, alle kommunene i Møre og Romsdal har same ordning.

Alle lag og organisasjonar fekk i 2001 melding om ordninga.


Du finn søknadsskjema opp til høgre eller i fana Skjema.
Les meir om ordninga her
Følgjekort -søknadskjema
Her finn du søknadsskjemaet

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen