Siste 10 fra Sande
Grunder med ein forretningside ?
"Du skal itte trø i graset..." og ikkje kaste søppel der heller
No kjem feiaren
Arbeidet med avskjeringsgrøft på Sætre har starta opp
Kulturminneplanen 2015-2025 - Sande kommune
Tilbodet ved biblioteket
Oppretting og sikring av gravstøtter
Hamnearbeid i Gjerdsvika - Informasjon til innbyggjarane
Jonsokbål i Sande kommune
Parkeringsløyve for funksjonshemma
Parkeringsløyve for funksjonshemma
09.01.2018
Parkeringsløyve for funksjonshemma
Er du bilførar eller passasjer og har særlege problemer med å bevege deg over lange strekningar, kan du søkje om parkeringsløyve for rørslehemma.

Det er ikkje nok å peike på ein sjukdomtilstand som avgrensar rørsleevna, du må også grunngje kvifor det vanlege parkeringstilbodet ikkje er tilstrekkeleg til å dekke behovet ditt. Parkeringsløyvet er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning.

Løyvet har form av eit personleg parkeringskort som gir deg rett til parkering på merka parkeringsplassar.

• Kortet gjeld i heile Noreg og skal plasserast bak frontruta, med forsida godt synleg.
• Kortet gjeld også i heile Europa, men da etter reglane til kvart land.
• Løyvet gjeld vanlegvis for 2-5 år.

Du finn søknadsskjema i fana Skjema.

Parkeringsløyve - søknadsskjema
Her finn du søknadsskjemaet

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen