Siste 10 fra Sande
Hurra, no er det språkkafe igjen!
Skulestart i Sande
Grunder med ein forretningside ?
"Du skal itte trø i graset..." og ikkje kaste søppel der heller
No kjem feiaren
Arbeidet med avskjeringsgrøft på Sætre har starta opp
Kulturminneplanen 2015-2025 - Sande kommune
Tilbodet ved biblioteket
Oppretting og sikring av gravstøtter
Borgarleg vigsel
Borgarleg vigsel
11.01.2018

Borgarleg vigsel i kommuna


Frå 1. januar 2018 kan du gifte deg borgarleg i Sande kommune. Under kan du lese meir om tilbodet.

Slik går du fram om du vil gifte deg borgarleg:

1. For å inngå ekteskap i Norge, må Staten først gjennomføre ei prøving av ekteskapsvilkåra. Dette utførast av folkeregisteret via skatteetaten.no eller hos lokalt folkeregisterkontor. Deretter får du ein prøvingsattest som er gylding i fire månader.
Sjå skatteetaten sin Veien til ekteskapet -steg for steg

2. Når du har motteke prøvingsattesten kan du ta kontakt med kommuna for å avtale tid og stad. Hugs at dette må gjerast i god tid, seinast 4 veker før ønska bryllaupsdato.
Ta kontakt med Sande kommune for å få skjema til utfylling.


Det er 2 funksjonar i kommunen som har vigselsmynde: ordførar og varaordførar.

Tilbodet er gratis så lenge du vil gifte deg i lokala som kommunen tilbyr og i vår opningstid.
* kommunen tilbyr kommunestyresalen eller ordføraren sitt kontor til ritualet.
* dersom du har ønskje om anna lokale/pynt enn det kommunen tilbyr, eller andre ting (musikk, diktlesing ol.) må du ordne og betale dette sjølv.
* dersom du har andre ønske utover retningslinene kan kommunen fakturere for faktiske utgifter.


Etter vigselen

Brudeparet vil få tilsendt midlertidig vigselsattest. Kommunen sender denne også til folkeregisteret som utstedar endeleg vigselsattest.

Om du skal endre namn som resultat av vigselen, må du ordne dette sjølv. Søknad finn du på Skatteetaten sine nettsider.

Om du har endra namn og skal på bryllaupsreise i utlandet, må du sørge for at namnet i passet stemmer med namnet på billetten. Treng du nytt pass? Ta kontakt med politiet i ditt distrikt.

Retningsliner for kommunale vigsler i Sande kommune:
1. Den kommunale vigselsretten blir i Sande kommune teke hand om av ordførar og varaordførar.
2. Vigsel skal finne stad i kontortida på vekedagar. Vigselstidspunktet blir fastsett etter forutgåande dialog mellom brudefolket og vigslaren.
3. Vigsel finn stad på rådhuset, i kommestyresalen eller på ordførar sitt kontor.
4. Vigsel i andre lokale/andre stader enn på rådhuset og til tidspunkt utanfor ordinær arbeidstid må avtalast med vigslaren, og der kommunen fakturerer dei faktiske utgiftene.
5. Det administrative ansvaret for vigselsordninga blir delegert til rådmannen. Rådmannen får i oppgåve å tilrettelegge for at vigslane kan finne stad innanfor verdige rammer.




<<< Tilbake

Lukk

Sjå musikkvideoen "Home"

Sjå Sandefilmen