17.mai feiring i Sande kommune

Klikk for stort bileteEin felles 17.mai-komite for kommunen har samarbeida om markeringa og feringa av nasjonaldagen vår. Det blir ein dag der vi feirar med felles opplevingar, men meir kvar for oss enn det vi er vande med. Leit fram finstasen og ver med og feire 17. mai! 

Det er kanskje første gongen vi har hatt ein felles komite for heile kommunen. Det er sjølvsagt smittefaren som er bakgrunnen for denne måten å feire på. Samarbeidet mellom bygdelaga har vore heilt fantastisk og kan kanskje bli ein tradisjon. 

Kvart bygdelag har si markering i tråd med dei smittevernreglar som har kome. Ulike markeringar rundt om i bygdene blir filma og vist på internett frå kl 17.30 på nasjonaldagen.

Alle 17.mai-komitéane i Sande har gått saman om å lage ei felles nettsending på nasjonaldagen. Sendinga vil gå på YouTube kanalen til Sande Nettsyn  og vert leia av Kevin A. Søvre Myklebust og Petter Gunnarstein frå studio på Breidablik.

Her vil du finne reportasjar frå 17.mai-markeringar rundt om i kommunen. I tillegg har dei  produsert innslag frå dei ulike bygdelaga med innhald som er litt for ein kvar smak. Ordførar Olav Myklebust vil halde tale, og det vert musikalske innslag frå kulturskuleelevar.

Sendinga finn du her: Digital 17.mai-fest i Sande  på YouTube

Program for 17.mai-markeringa i Sande kommune finn du her: 17.mai-program Sande

 

Klikk for stort bileteDigital 17.maifering 

17.mai er ein dag der til dømes korps har ei viktig rolle. Overskot frå  arrangement  som 17.mai-feiring gir korps og andre organisasjonar eit bidrag i lagskassa. I år kan vi gi den summen vi vil gjennom spleis-ordninga som er ei fin alternativ ordning.Slik får dei ei lita "påskjønning" for innsatsen dei yter for at vi skal få rette nasjonalstemninga. 

Les meir om dette her og gi ditt bidrag på Spleis

 

Tussa sender også innslag frå feiringa i Sande og resten av Søre Sunnmøre gjennom dagen på Facebook
Du kan også sjå Tussa sine innslag her: 
- GET kundane til Tussa. (Dei får tilsendt info per epost)
- Institusjons-TV (Omsorgsheimar og andre kommunale boligar samt sjukehuset i Volda).
- Diverse lokalaviser er i dialog om å poste sendinga på sine nettsider.

 

Bygderadio Vest vil  ha sendingar gjennom dagen.

 

Sande kommune ynskjer alle ei fin markering av nasjonaldagen!