17.mai - program i bygdene våre

No kan vi endeleg feire 17.mai slik vi brukar. Bygdene i Sande markerer dagen med tradisjonelt progam-innhald på nasjonaldagen. Tog, leikar og fest er det vi likar på ein slik dag, Du finn oversikt på programma for 17.mai her. 

17.mai  på Sandsøya

11.00

Gudsteneste i Sande kyrkje. Kransenedlegging ved bautaen

Folketog til Dollstun etter gudstenesta

Servering av middag (rjomegraut med godt tilbehør) og kaker på Dollstun.

Leikar og luftgeværskyting

16.00

Folkefest 

 

17.mai på Kvamsøya

12.00

Folketoget går frå sørsida- "Gamleskulen"

13.00

Sal av middag, kaker og kaffi på skulen

14.00 

Leikar for borna

15.00

Fest i gymsalen med diverse program. Tale ved Jostein Korsnes

 

17.mai i Gjerdsvika

12.00

Folketog frå Fredtun  går nordover (ikkje til Storøyra)

13.00

Gursken skulekorps spelar på Fredtun. Sal av rjomegraut, lapskaus, pølse med brød , kaffi og kaker. Leikar bak Fredtun.

14.30

Fest med appell ved Olav Myklebustt. Barnehagen syng.

 

17.mai i Gursken

05.45   

Skramletog startar på Rødset og går gjennom bygda

09.00   

Flaggheising ved Gursken oppvekstsenter og Vonhiem

10.40 

Appell ved Alida Breivik Fylling

10.45   

Folketog frå Vonheim til Gursken kyrkje

11.30   Gudsteneste i Gursken kyrkje.Etter gudstenesta  vert det kransepålegging ved bautaen v/ Torgeir Langberg Hauge

kl 12.30 

 Bilkortesje frå Gursken kyrkje - Myklebust - Brekkane-  Almestad- Vågen -Knotten - Sandvika - ØvreKnotten - Gursken oppvekstsenter. Ludvik leier kortesja.

13.00 

 Middag, kaffi, leikar og kiosk på skulen

17.00

Folkefest på Vonheim: Haugelia barnehage, Vyrde, Sande kulturskule. Inga-Lill, Karina og Kevin, Gursken Brass Festtalar: Leif Arne Grimstad

 

17.mai på Larsnes

09.00  

Flaggheising ved Sandetun. HML Varden spelar ved Sandetun og Haugatun ca 9.15.

13.00   

Gudsteneste ved Larsnes kyrkje

14.00   

Folketog frå kyrkja med flaggborg- Gursken skulekorps - Larsnes skule - andre

Folketoget går frå kyrkja til Sandetun - nedom Haugetun til hovedinngangen på Sandetun.

Appell ved Maren Sætre Nystøyl og Sofie Langlo Duaas.

Gursken skulekorps spelar, Folketoget går vidare til Larsnesskule/ Breidablik via Larsnes sentrum

15.00

Start av aktivitetar og sal av mat på skuleplassen/ Breidablik 

Leikar, tevlingar og underhaldning

Sal av is, brus og pølser ute

Sal av lapskaus, rjomegraut, kaffi og kaker på Breidablik

Innslag frå Sande kulturskule  ca 16.30 

 

Vi ønsker alle lukke til med feiring av nasjonaldagen!