#1omdagen kan gjøre koronakvardagen litt betre

#1omdagen kan gjøre koronakvardagen litt betre

Synne Kvam Når dei vanlege aktivitetane forsvinn, er det lett å bli passiv innandørs. Med bodskapet #1omdagen vil Norsk Friluftsliv inspirere alle til å kome seg ein tur ut kvar dag.

#1omdagen er ei oppfordring om å kome seg ut i frisk luft dagleg. Det passar dermed godt som eit nyttårsforsett for alle som ønsker å gjere noko godt for seg sjølv denne spesielle vinteren.

–Vi gjer dette fordi vi veit at det å kome seg ut i frisk luft gir eit lavare stressnivå, og gjer at vi har det betre, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Bente Lier.

Fordelane ved å kome seg ut i naturen er godt dokumentert. Ein amerikansk studie fra 2020 viste for eksempel at berre 10 minutter i naturen kan vere nok til å hjelpe oss å senke skuldrene.

Treng ikkje gå langt

Terskelen for å bli er så lav eller høg ein sjølv vil sette. Ein treng ikkje å vere spesielt aktiv for å delta, også berre det å for eksempel nyte ein kopp kaffi i det fri tel med.

–#1omdagen kan vere alt fra å sette seg på ein benk eller ein stubbe, til å rusle ein liten tur, eller finne ein stad utandørs der du kan nyte kveldsmaten. Målet er berre at du kjem deg ein tur ut døra, seier Lier.

Norsk Friluftsliv håper at så mange som mogeleg ønsker å delta på utfordringa,  og oppfordrar derfor også kommuner, frivilligsentraler, lokale lag og foreningar og andre til å vere med å spre budskapet.

Del gjerne bilder eller video på Facebook eller Instagram med #1omdagen.

Ti tips til måtar å få ein tur ut kvar dag:

  • Gå ein tur og ring en venn eller lytt til din favorittpodkast
  • Luft hunden til naboen
  • Ta lunsjen eller middagen ute i dag
  • Lån utstyr hos din næraste BUA eller utlånssentral og prøv ein ny friluftsaktivitet
  • Gå ut og tenn eit bål saman med ein nærkontakt
  • Gå ein tur med haudelykt
  • Er det snø – finn fram akebrettet og leik deg i næraste bakke
  • Nyt morgenkaffien i husveggen eller på ein benk
  • Utforsk ein ny veg i nabolaget
  • Gå på skøyter eller turskøyter

Ønsker du flerie tips til ting å finne på ute? Sjå mange flere tips til #1omdagen her.

-