5.juni frist for å søkje plass på SFO

Klikk for stort bileteSkulestrukturen i Sande kommune er endra frå hausten 2020 og  Gjerdsvika skule og Sandsøy skule vert lagt ned. Søknadsfrist for plass i SFO for elevar frå desse krinsane er 5.juni.

Skulefritidstilbodet følgjer ferie- og fridagar i skuleåret  og er ikkje ope i sommarferien.

Du kan også søkje om å få plass/ endre plass utanom fristen, men skulen må ha budsjettdekning for å endre tilbodet i skuleåret.

 

Skulefritidstilbodet skuleåret 2020/ 2021

SFO på Larsnes skule opnar kl 07.10 og stenger 16.10 alle dagar . tlf 48892331 

SFO på Gursken skule opnar kl 7.30 kvar dag og held ope til 16.30. - tlf 98666260 

SFO på Kvamsøy skule tilpassar opningstidene etter foreldra sine behov - tlf 90912879

 

Vedtekter

Her finn du Vedtektene for skulefritidsordninga i Sande (PDF, 27 kB)

 

Kva kostar plass på skulefritidsordning?

Skulefritidsordning - 2020
Skulefritidsordning - 2020
Opphaldstid Pris pr mnd
inntil 8 t/ v 1200
inntil 12 t/ v 1800
inntil 15 t / v 2250
inntil 20 t / v 3000
Ekstra dag 200
Mat kr 12,- pr ettermiddag
Betaling for 10 mnd pr år
Søskenmoderasjon:
30 % for 2.barn
50 % for 3. barn
 

Korleis søkjer eg?

Gjerdsvika SFO og Sandsøy SFO står framleis som eit val når du søkjer, men desse kan då ikkje nyttast. Frå 1.08 20 blir skulane borte frå søknadsportalen. Dette til orientering. 

Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet

Søknadsskjemaet krev innlogging med id-porten. Dersom du ikkje har id-porten, eller er folkeregistrert i anna kommune, må du ta kontakt med Sande kommune på tlf 70026700, så hjelper vi deg.

Søknaden gjeld for eitt år om gongen. 

Når får eg svar?

Vi vil behandle søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 4 veker.

Takke ja til plassen? 

Her finn du lenka som du skal bruke når du takkar ja til plassen.