5.mai - den internasjonale jordmordagen!

5.mai - den internasjonale jordmordagen!

Norsk Sjukepleiarforbund i Sande vil gjerne gjere stas på jordmora vår, Sara Fugledal Wiik.  

Jordmødre, kva skulle vi gjort utan dokke? Ingen kan erstatte deira erfaring og ekspertise i ei av livet sine mest sårbare og kritiske perioder. Mange takk ! 

I Norge vert det fødd i snitt over 150 barn kvar dag. 

Tett oppfølging frå jordmor er  til det beste for både mor og barn, og jordmødrene  sørger for oppfølging i svangerskapet, ein trygg fødsel og trygg  barseltid.

Både sjukepleiarforbundet i Sande og innbyggarane er glde for å ha jordmor Sara  tilsett på helsestasjonen. 

I dag -på den internasjonale jordmordagen  - kom Helene Nygård med blomster og litt merksemd til helsestasjonen - det sette Sara og dei andre tilsette stor pris på ! 

Sara har ei kombinert stilling som jordmor/ helsesjukepleiar på Sande helsestasjon.