Adventskonsert 6. desember

Klikk for stort bilete 

Fredag 6. desember kl 18:00 inviterer Sande kulturskule til adventskonsert i Larsnes kyrkje.

 

Sande kulturskule opnar dørene til ein konsert med ny, men også tradisjonell julemusikk på repertoaret. Med ord og tonar ønsker vi å skape ei varm julestemning i ein hektisk kvardag.

Denne fredagskvelden får du flotte musikalske opplevingar av og med born og unge i Sande kulturskule. 

Vi ønsker velkomne til ei stemningsfull stund og ein velklingande konsert i Larsnes kyrkje.
Konserten er gratis og open for alle, og vi håper å sjå deg der.

Klikk for stort bilete