Aktuelt samfunnsforedrag med Helge Simonnes på Sande bibliotek
Helge Simonnes kjem til Sande bibliotek
Torsdag 5. oktober kl.13.00 kjem Helge Simonnes til Sande bibliotek på Larsnes med lunsjforedraget «Vårherres krigere. Vladimir Putin og Donald Trump».
Simonnes er tidlegare sjefredaktør i Vårt Land og er oppvaksen på Eidså. Han er ein mykje nytta foredragshaldar i skjeringspunktet religion og politikk. Putins hellige krig er nettopp innkjøpt av Kulturrådet.
- Stadig fleire politikarar gjer seg nytte av religiøs retorikk når dei skal skaffe seg veljarar. Det gjeld ikkje berre Putin og Trump, men også fleire andre europeiske leiararar. I muslimske land har dette vore vanleg lenge, og Recep Erdogan i Tyrkia har teke dette til nye høgder, seier Helge Simonnes.
Sist vår vitja Simonnes Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid. Han fekk god respons på foredraget der, og no er det ein ny moglegheit til å høyre Simonnes snakke om eit svært aktuelt tema. Presidentvalet i USA spissar seg til, og krigen i Ukraina er snart inne i sitt tredje år.
- Vi er svært glade for at vi har fått ein lokal foredragsholdar til å snakke om dette viktige temaet. Vi oppfordrar også folk i Vanylven til å ta turen til Larsnes.
Helge Simonnes
- Sande bibliotek
Publisert av Silje Scheide Mork
Publisert 20.09.2023 08:14
Sist endra 26.09.2023 13:57