Alle prøver negative i Sande - ingen koronasmitte

Alle prøver negative i Sande - ingen koronasmitte

CDC, Alissa Eckert  Ingen koronasmitte i Sande.

Med bakgrunn i oppslag i Vestlandsnytt vel vi å gjere kjent at koronatest av pasient omtala i pressa i går er negativ . Pasienten har ikkje fått påvist smitte og dermed kan dei som var sett i isolasjon igjen forholde seg normalt i kvardagen sin. 

Sande kommune minner om den viktige hugselista for ALLE for å førebygge smitte:

  1. God handhygene, vask hendene ofte!
  2. Ver heime om du er sjuk eller har forkjølelsesymptom!
  3. Hald avstand - minst ein meter og unngå store folkemengder og samanstimlingar!
  4. TA kontakt med legekontor og gjer avtale for testing sjølv ved svake symptom.
  5. Vent 10 dagar med å besøke omsorgssenter dersom du har vore i utlandet.