Arbeid på Sjukeheimsvegen

Arbeid på Sjukeheimsvegen

Arbeid på vegen opp mot Sandetun Det pågår i desse dagar arbeid på Sjukeheimsvegen opp mot Sandetun omsorgssenter.

Her føregår no arbeid med nye kommunaltekniske leidningar.

Det skal leggast ned nye spillvassrør, vassleidningsrør og overvassrør.

I samband med arbeidet vil ein legge til rette for noko justering av vegbana slik at vi får på plass gangfelt på sydsida av denne vegen mellom Nyglå og Sandetun.