Arkiv frå handelsstaden Rønneberg

Arkiv frå handelsstaden Rønneberg

Brev frå Kong Oskar IKA MR Etter at Sande kommune i vår gjekk inn som medlem av privatarkivordninga ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal har Bjørn Halle vore innom å avlevert korrespondansearkivet for handelsstaden Rønneberg. 

IKAMR har tidlegare motteke rekneskaps- og kopibøker frå handelsstaden Rønneberg på Larsnes, samt kvitteringsbøker frå dampskipsekspedisjonen. 17. juni var etterkomar Bjørn Halle innom med korrespondansearkiv.

Korrespondansearkivet er ei blanding mellom privat- og forretningsverksemd, og strekker seg i tid over heile 1800-talet samt starten av 1900-talet. Blant anna kong Oscar II. sitt bevillingsbrev frå 1903 til opprettinga av familiegravstad på Rønneberg-eigedomen.

Du kan lese meir om arkivet til Rønneberg her.

Vår oppmoding til deg

Er du leiar for eit lokallag med gammalt arkiv eller sit på store menger med privatarkiv som du kan tenke deg vert teke vare på for framtida, ta kontakt med Åsta Vadset, IKA MR eller fagleiar for arkiv i kommuna Tove Cathrine Kvamme.