Arrangement i Sande blir avlyst


Klikk for stort bilete arbeidsmiljo-_minskole.no

Mange lag og organisasjonar avlyser no møte og andre arrangement, og du kan melde inn slike avlysingar til denne sida.

Kyrkjene stenger

All kyrkjeleg aktivitet vert stengt inntil vidare og kyrkjekontoret tek ikkje imot besøkande. Ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon eller e-post.
OPA KYRKJE
Ynskjer du ei stille stund med lystenning og bøn, får du mulighet til det.
Sande kyrkje, fredag 13. mars kl. 19-20.30 
Larsnes kyrkje, søndag 15. mars kl. 11-12.

Fleire tidspunkt for opne kyrkjer kan kome etterkvart.

 

UKM fylkesfestival vert utsett

UKM fylkesfestival 2020 skulle etter planen verte arrangert i Kristiansund første veka i mai, 30. april – 3. mai. Møre og Romsdal fylkeskommune har bestemt å utsette arrangementet.

Vi veit enno ikkje om UKM landsfestival 2020 vert gjennomført i juni. Om situasjonen er stabil i juni, og landsfestivalen går som normalt, vil vi i samarbeid med kommunane plukke ut deltakarar frå

Møre og Romsdal etter råd frå UKM Norge.

Fylket kjem tilbake med meir informasjon om arrangementet vert gjennomført seinare på året.

Bakgrunnen for avgjerda kan du lese meir om her: https://mrfylke.no/nyheiter/koronaviruset-stopp-av-reiser-og-innstramming-av-moete-og-arrangement

Gjerdsvika IL 

Gjerdsvika IL stoppar all aktivitet. Det gjelder treningar, kampar og andre samlingar. I fyrste omgong gjelder dette ut april. Dette for å hindre spredning av koronaviruset.

Årsmøte i Grønnevika småbåtlag

er avlyst.

Runde miljøsenter

avlyser ryddeaksjonar i helga

Hørselhjelpa

sine brukardagar på rådhuset i Sande er avlyst inntil vidare..

 

 

Om du vil vi skal gjere kjent avlyste arrangement eller møter kan du melde det til kontaktpersonen under.

Kontakt

Elin Rokstad
informasjonskonsulent
E-post
Mobil 977 54 403