Barnehageopptak hausten 2020 - Husk søknadsfrist 1.mars 2020

 Klikk for stort bileteVenskap Sande kommune  

No kan de søkje om barnehageplass for barnehageåret 2020/ 2021.

Born som er fødd innan 30.11.2019 og som er busett i kommunen har, etter søknad, rett til plass ved hovudopptak. 

Born som fyller 1 år i september, oktober eller november har rett til å starte i barnehagen den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august.


Kven kan søkje:

  • nye søkjarar
  • alle som ynskjer endring av plass i barnehage eller overflytting til ein annan barnehage

 

Her finn du meir informasjon om alle barnehagane og vedtekter (PDF, 355 kB)

og her finn du søknadskjema.

Søknadsskjemaet krev innlogging med id-porten.

Dersom du ikkje har id-porten, eller er folkeregistrert i anna kommune, må du ta kontakt med Sande kommune på tlf 70026700 så hjelper vi eg med søknaden. 

Søknadsfrist er 01.03.2020

Kontakt

Elin Almestad
konsulent
E-post
Mobil 473 77 895