Barnehageopptaket er ferdig - svar på tildelt barnehageplass

Barnehageopptaket er ferdig - svar på tildelt barnehageplass

No er barnehageopptaket ferdig og foreldre må gi melding om ein takkar ja til plassen ein har fått tildelt. 

Den som har fått tildelt plass, har sju dagar svarfrist til å takke ja til barnehageplassen.

Tildelinga gjeld fram til skulestart, eller til plassen vert sagt opp etter dei retningslinene som er gitt i vedtektene. Vi tek atterhald om endringar i prisar, tilbod og vedtekter.

Vi gjer merksam på at søkjarar som ikkje har fått plass i den barnehagen dei hadde som førsteval, kan stå på venteliste her, sjølv om dei er tildelt plass i ein annan barnehage.

Vi gjer merksam på klageretten de har med bakgrunn i Barnehagelova: "Søkjar kan klage over avslag på søknad og dersom han ikkje har fått verken 1. eller 2. ynskje oppfylt". Klagefristen er 3 veker etter at de har motteke svarbrevet.

Her er lenka du skal bruke når du skal svare.