Bestill legetime og forny reseptane dine på HelseRespons-appen

Bestill legetime og forny reseptane dine på HelseRespons-appen

PXhere.com

Du kan bestille time hos lege via app på telefonen din. Sande legesenter brukar HelseRespons.

HelseRespons er ei nettbasert løysning der meldingar frå pasientar kan bli behandla og svarast på enkelt og effektivt. Time- og reseptbestilling kan du gjere via SMS, APP eller nettside. Ingen telefonkø og responsen er automatisk og rask.

Med HelseRespons-appen kan du bestille legetime heile døgnet via telefonen din - eller på datamaskina. 

Korleis gjer eg dette?

Gå inn på helserespons.no og logg deg på med BankID - her kan du lage eige enkelt passord som du brukar seinare.

Då kan bestille legetime kva tid du vil og fornye respeptane dine. Du kan bestille time hos alle legane ved Sande legesenter via Helserespons. 

Vi har ikkje fått på plass betalingstenesta som ligg i denne appen enno.