Bestilling av vaksinering Covid -19

Colourbox Frå veke 6 kjem all vaksinering til å føregå ved Sande legesenter. Du kan bestille time elektronisk. Er du ikkje ein digital brukar, kan du bestille vaksinering på telefon 700 26 750 mellom 14:00 – 15:00 på kvardagar.

Bestillingsskjema

Her finn du bestillingsskjemaet - les gjennom teksten nedanfor før du bestiller.

Frist for bestilling vaksinering 2.mars:       måndag 28. februar kl 14:00

Barn og unge

Sande kommune har no fått barnedosar og kan vaksinere barn og unge mellom 5 – 11 år. Du kan bestille time på nett, eller ringe helsestasjonen på kvardagar på tlf 700 26 760. Husk å ta med samtykkeskjema med signatur frå begge foreldra. (PDF, 47 kB)

Barn og unge født 2006-2009:  Føresette til barn i denne aldersgruppa som til no har fått ei dose kan ta kontakt med legesenteret dersom det er ynskjeleg med dose to. Intervall mellom dose 1 og 2 er minst 12 veker.

Dose 2 er særleg aktuellt for:

  • Barn med kronisk sjukdom
  • Barn som er nærkontakt med særleg utsette personar
  • Barn som skal opphalde seg eller reise til land som krev to doser i koronasertifikat  (gjeld ikkje alle land).

 

Barn født 2010-2016: Barn i denne aldersgruppa kan få koronavaksine ( barnedose) dersom føresette ynskjer dette. Dette gjeld frå fyllte 5 år og opp til og med 11 år.

Vaksinasjon i denne aldersgruppa er særleg aktuellt for :

  • Barn i alderen 5-11 år med alvorleg grunnsjukdom. FHI tilrår at barn med alvorleg grunnsjukdom bør la seg vaksinere.
  • Barn som er i nærkontakt med særleg utsatte personar
  • Barn som skal opphalde seg eller flytte til land med høg smitterisiko eller dårleg tilgong på helsetenester.

 

Over 18 år

No kan alle over 18 år bestille time til oppfriskningsdose (dose 3).

  • EU har beslutta at påvist Covid-19 hos grunnvaksinerte ikkje sidestillast med oppfriskningsdose i vaksinedelen av koronasertifikatet.
  • Folkehelseinstituttet har åpna for at dei som ønsker oppfriskningsdose til tross for gjennomgått infeksjon kan få det. Det skal gå minimum 3 månader mellom gjennomgått Covid-19 og oppfriskningsdosa.

For å bli vaksinert må det ha gått minst 20 veker sidan du har fått dose 2. Som tidligare vil vi prioritere dei eldste først, men FHI har opna for at alle fra 18 år og oppover, kan bestille time no.

FHI anbefala gravide kvinner som er i 2. og 3. trimester vaksinasjon med mRNA-vaksine mot koronavirus.

Personar vaksinert med Janssen vaksina er anbefala å ei ekstra dose med mRNA vaksine (Pfizer/Moderna).

Har du testa positivt på korona ?

Dersom du har gjennomgått infeksjon vil det tilsvare ein vaksinedose.

Personer over16 år som har gjennomgått covid-19 treng kun ei vaksinedose for å vere grunnvaksinert.

Ungdom i alderen 12-15 år som tidligare har gjennomgått Covid-19, blir førebels anbefala å ikkje vaksinere seg.

FHI følgjer med på ny kunnskap og vil etter kvart gjere nye vurderinger av om det bør bli eit vaksinetilbud også til ungdom som har hatt koronasjukdom. 

 

Dersom du har ombestemt deg, og ønsker å la deg vaksinere med dose 1 er du hjarteleg velkomen til å melde deg på til vaksinering.

Vaksinasjon og gjennomgått Covid-19 gir god beskyttelse, men ingen garanti mot å bli smitta av korona på ny  - og å smitte andre.