Biblioteket har "takeaway" -ordning

Biblioteket har "takeaway" -ordning

Pixabay Grunna auka beredskap mot koronaviruset stengde biblioteket  fredag 13. mars og er framleis stengt . 

Men du kan nytte deg av både "takeaway", karanteket og eit nasjonalt lånekort.

Sande bibliotek og «takeaway» ordning for utlån av bøker

Biblioteket er framleis stengt, men vi har oppretta ei «takeaway» ordning for utlån av bøker og anna materiell. Det betyr at du kan bestille bøker, som vi plukkar fram og så henter du desse i Post i Butikk på Larsnes eller i Gursken. Det er kun bøker og anna i Sande biblioteket sin felleskatalog som kan bestillast fordi  fjernlån ikkje er mogeleg i denne perioda. Katalogen finn du på : mrbiblioteket.no/sande eller på mobil: more-romsdal-felles.mikromarc.no/m/more-romsdal-felles/6464

Du kan også reservere bøker

Vi gir melding til deg  når det som er bestilt er klar til henting.

 

Digitalt nasjonalt lånekort

No kan du som ikkje har eit nasjonalt lånekort få det sjølv om biblioteket er stengt.

Med eit nasjonalt lånekort får ein tilgong til fleire digitale tenester, som f.eks. Filmbib.

Meir informasjon og registrering finn du på nb.bib.no.

 

Karanteket

karanteket.no er det samla fleire nyttige digitale bibliotektenester.

Her finn du digitaliserte bøker for både barn og vaksne, film, aviser og mykje anna..

Sande sine låntakarar må bruke eBokBib for å låne e-bøker. For nokre av tenestene treng du lånekortnummer og pinkode. Dei som ikkje har det kan kontakte biblioteket på bibliotek@sande-mr.kommune.no

Om du synes dette var gode løysingar, er det berre å prøve dei. Treng du hjelp til noko- ta kontakt med Tim på telefon eller epost!

Kontakt

Tim Bock
biblioteksjef
E-post
Mobil 48 99 21 48