Bli med i ungdomsrådet - det er lærerikt og gøy!

Bli med i ungdomsrådet - det er lærerikt og gøy!

Ungdomar presenterer sitt synspunkt i arbeid med samfunnsplanenDet skal veljast nye medlemmer til Ungdomsrådet og er du under 19 år kan du melde deg som kandidat til valget. 

Vil du vere med å påverke slik at Sande kommune skal vere ei god kommune for barn og unge å bu og vekse opp i?

Ungdomsrådet er eit rådgjevande organ som kan vere med å påverke forhold i kommunen. Alle saker som gjeld ungdom skal leggast fram for ungdomsrådet, og ungdomsrådet kan også ta opp saker på eige initiativ.

Føremålet er at ein skal bidra til å sikre ein brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld ungdom. Som medlem i ungdomsrådet representerer ein andre ungdomar i kommunen.

Ungdomsråd er fellesskap

"Ungdomsrådet er med på å skape eit fellesskap for ungdom som er interessert i politikk. Ungdommar har rett til å meine noko i eit val som blir tatt. Som medlem i ungdomsrådet kan vi ha ei meining som skal bli tatt på alvor, og som kan påverke endringar som skal skje i ei kommune. Det er difor veldig meiningsfullt og lærerikt å vere med i ungdomsrådet", seier Isabell Iversen Skoge, leiar i ungdomsrådet i Sande. 

Ungdomsrådet i 2021

I 2021 hadde ungdomsrådet 6 møter og handsama 28 saker, herav 8 politiske saker.
Av politiske saker kan nemnast fylkesstrategi for samferdsel, forprosjekt for utbygging av
omsorgs- og utleigebustadar, legevakt kveld/ helg, godkjenning av vallokaler, årsmelding,
rekneskap og budsjett.
Ungdomsrådet har gitt uttale i høyringar som gjeld reguleringplanar og offentleg kommunikasjon og fått orienteringar om BTS (Betre tverrfagleg samordning), ungdomspanelet og politisk sekretariat.

Ungdomsrådet har vore tilstades i politisk verkstad for samfunnsplan og i prosjektgruppe for
samferdsle og prosjektgruppe for skulestruktur.

Ungdomsrådet, i samarbeid med kulturkontoret, kulturskulen og Gamlebanken Scene
arrangerte den 17. april 2021 digitalt UKM frå Landsbyhuset Breidablik.
Ein var på alle skulane i kommuna og profilerte UKM, og sto så for planlegging,
gjennomføring og innspeling av innslaga. UKM-sendinga gjekk på Sande Nettsyn sin youtube-kanal og vart et fantastisk digitalt arrangement med nærare 40 aktørar og 16sceneinnslag.
Det vart også i samband med UKM arrangert digital workshop om film og redigering med
mobiltelefon.

Ungdomsrådet i Sande

er sett saman av 10 medlemmar, og det skal no gjennomførast val av tre nye representantar;

  • ein person over ungdomskulealder frå Gurskøydelen av Sande
  • ein person over ungdomskulealder frå Kvamsøy
  • ein person over ungdomskulealder frå Sandsøy

Ein vert valt inn for to år, og skal ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet.  Valet skal gjennomførast etter sommarferien.

Kan du tenkje deg å vere med i ungdomsrådet -  ta kontakt med Sande kommune på e-post eller telefon 70026700.

Kontakt

Elin Almestad
spesialkonsulent
E-post
Mobil 47 37 78 95