Bli med på aktivitetar for barn og unge i sommarferien

Bli med på aktivitetar for barn og unge i sommarferien

Barn - Klikk for stort bilete

Sommarferie er tid for å gjere kjekke ting  - åleine eller saman med andre! 

Kva finns av tilbod  i vår kommune? Kven arrangerer? Korleis melder eg meg på? Kva kostar det?
 

Gursken IL arrangerer sommarferieaktivitet 2023

Dette gjeld veke 27 og 32. 

Sommarferieaktivitet med Gursken IL er eit gratis tilbod for elevane frå 1. til 10. klasse og føregår stort sett rundt Gursken oppvekstsenter. Nokre dagar blir det turdag.
Dette er eit samarbeid mellom Sande kommune og Gursken IL som gjer det mogeleg å få til kjekke aktivitetar 

Praktisk info

Tilbodet startar klokka 08.00 og er ferdig klokka. 15. 00 .Alle må ha med klede etter ver og vind og ha med  niste og drikke.


Påmelding

Her melder du deg på.

Påmeldingsfrist er 8. juni.  Du får beskjed etter dette om kva dag/dagar du har fått. 

 

Sommarles

 

Dette er også ein kjekk aktivitet som opnar nye dører, og ofte ei ny verd med fantasi  eller med kunnskap. 

Les meir om Sommarles her.

 

 

 

Sommar - SFO

Det er oppretta sommar - SFO i veka etter skuleslutt -  veke 26 og veke 33 -  før skulestart til hausten. I år blir dette på Larsnes oppvekstsenter. Søknadsfristen er ute og dei som har fått plass har fått melding om dette.