Bli med på dugnaden - rydd for TV-aksjonen


Klikk for stort bileteBli med på TV-aksjonen ved å rydde plast der du bur!

For kvar sekk du leverer inn så sponsar  bedrift i di bygd 50 kroner til TV-aksjonen.

Den lokale aksjonskomiteen for TV-innsamlinga - "Gå for eit hav av muligheter" oppfordrar lag og organisajonar, skular og private om å gjere ein innsats for å få vekk plast som kjem frå havet. 

Næringslivet i Sande er som tidlegare alltid med på dugnaden når vi kjem til TV-aksjon og bidreg alltid med midlar. 

For kvar sekk du/ de samlar inn, vil bedrifter i di bygd gi kr 50 pr sekk til aksjonen. 

Du får sekkar og hanskar ved å kontakte din rodeleiar i bygda 

Her finn du kontaktinformasjonen:  

Rodeleiarar TV- aksjonen 2020
Krins Leiar Telefon
Gjerdsvika Wenche Bjørkeng 98248541
Haugsbygda Camilla Auflem Vik 90729780
Gursken Dag Vaagen 97196495
Larsnes Unny Haugen 46403481
Kvamsøy Anne - Marte S. Beitveit 41514957
Sandsøy Kaare Helland Worren 41607020

Når de har samla inn avfallet, skal dette settast på avtalte plassar i kvar bygd - rodeleiarane har oversikta. Teknisk eining vil samle dei inn på avtalt dag i veke 42. 

Skulane er også oppfordra til å bli med på dugnaden og nokre har alt meldt seg på!