Bli med på folkehelseundersøking

Bli med på folkehelseundersøking

Geir Inge Brekke  I løpet av februar 2021 skal Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) for første gong gjennomføre ei folkehelseundersøking for å kartlegge befolkninga si eigenvurderte helse, livskvalitet og trivsel.

Den 1. februar vil mange sandssokningar over 18 år få ein invitasjon til å delta i ei folkehelseundersøking. Svara som kjem inn skal brukast til å lage både lokale og regionale planar og til å prioritere kva tiltak som må settast inn for å betre folkehelsa.

I dei nærmaste dagane vil innbyggarar over heile fylket ta i mot ein SMS eller e-post om å delta på Folkehelseundersøkinga. Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om kor fornøgd folk er med nærmiljøet og lokale tilbod og aktivitetar, og om eiga helse og livskvalitet, levevanar, skader og ulykker. Dette er første gongen det vert gjort ei så stor undersøking for å kartlegge befolkninga si helse, trivsel og livskvalitet i fylket. Deltakarane er eit representativt utval som blir tilfeldig trekt frå Folkeregisteret. Opplysingane blir lagra og behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern.

Viktig med høg svarprosent - viktig at akkurat du svarar

Denne undersøkinga er ein del av ei nasjonal satsing i samarbeid med Folkehelseinstituttet, og mange fylke har allereie gjennomført slike undersøkingar. Vi håpar at dei sandssokningane som får invitasjonen til å delta svarar på undersøkinga. Med ein høg svarprosent vil vi kunne få ut data på «kommunenivå», som igjen vil vere nyttig kunnskap i å vidareutvikle gode tenester og gode lokalsamfunn.

Det er heilt ufarlig å delta i undersøkinga. Dei opplysningane som deltakarane gir gjennom undersøkinga vil verte behandla i samsvar med gjeldande reglar for personvern. Alle opplysningar vil verte behandla utan namn og andre personopplysningar, og resultata vil verte publisert på gruppenivå. Det vil altså ikkje vere moglig å kjenne att einskildpersonar i det datagrunnlaget som vert publisert og forska på i etterkant av undersøkinga. Vi oppmodar derfor deg som får ein invitasjon gjennom e-post eller SMS om å delta til å gjennomføre folkehelseundersøkinga. Meir informasjon om undersøkinga vil ein kunne finne på nettsidene til Møre og Romsdal Fylkeskommune.