Brannvern-mannskapet øver på sjøen i dag

Brannvern-mannskapet øver på sjøen i dag

John J. Storholt  I dag skal brannvern-mannskapet ha øving på sjøen. Dei vil opphalde seg ved Larsnes Mek as og rundt skjeret Kroppen .

Scenarioet dei vil trene på er "båtforlis" der ein skal øve på korleis ein reddar folk og båtar i slike situasjonar. 

Så om nokon  i området ser oppkava mannskap i nærmiljøet på Larsnes sentrum og ute på sjøen, kan dei vite at dette er berre øving. 

Sommaren skal vere sol, fint ver og gode forhold på sjøen - og vi håper dei ikkje får bruk for det dei øver på i dag!