Budsjett og økonomiplan ute til høyring

Budsjett og økonomiplan ute til høyring

Kalkulator og tastatur - Klikk for stort bileteBudsjettarbeid Edar fra Pixabay

Korleis skal kommunen bruke inntektene sine framover? Det skal dei folkevalde avgjere. No ligg innstillinga frå formannskapet ute til offentleg ettersyn. Du kan kome med innspel.

13. desember skal kommunestyret vedta budsjettet for 2023 og økonomiplanen til kommunen. 

22. november behandla formannskapet forslaget som kommunedirektøren hadde lagt fram i saka. Formannskapet vedtok då ei innstilling som er til offentleg ettersyn (høyring) i 2 veker. 

 

Les dokumentet og gi høyringsinnspel

I samsvar med kommunelova § 14 - 3  vert formannskapet si tilråding til budsjett 2023 med gebyrliste og økonomiplan 2023 -2026 lagt  ut til offentleg høyring. 

Framlegget til budsjett 2023 med gebyrliste og økonomiplan 2023 -2026 finn du her. 

Formannskapet gjorde følgjande vedtak 22.november 2022:

FSK- 118/22 Vedtak Formannskapet tilrår:

"1. Kommunedirektøren sitt framlegg til økonomiplan 2023 - 2026 og årsbudsjett 2023 vert vedteke slik det går fram av framlegget og med dei rammene som det går fram av tabellar og oppstillingar under menypunkt “Budsjettvedtak”.

2. Kommunedirektøren sitt framlegg til «Investeringsbudsjett 2023-2026» vert vedteke slik det går fram av “Investeringar i økonomiplanen”. Sande kommunestyre godkjenner eit samla låneopptak på inntil kr 20 400 000.

3. Framlegg til gebyr- og betalingsregulativ for 2023 vert vedteke slik det går fram av “Gebyrliste”.

4. Sande kommunestyre vedtek følgjande forslag til finansielle måltall for økonomiplanperioden 2023-2026: - Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter bør vere minimum 1,75% - Disposisjonsfondet skal i løpet av planperioda ligge på 4 % av brutto driftsinntekt."

Her finn du heile saksmapppa om budsjett og økonomiplan.

 

Høyringssvar og frist

Innspel  til budsjettforslaget slik det ligg kan sendast til

Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no  innan  07.12.2022

Du kan også skrive ditt høyringssvar her - merk innspelet med saksnr. 22/865