Budsjettet for neste år er klart

Klikk for stort bileteBudsjettet for 2020 vart vedtatt i kommunestyremøte 10.12.19  i tillegg til fleire andre viktige saker. 

Rådmannen si tilråding til budsjett for neste år vart vedtatt med få endringar.

Kommunestyret ynskjer å styrke arbeidet med ungdom med 50 % stilling som ungdomsarbeidar. Dette må rådmannen finne midlar til innnanfor det budsjettet som no ligg føre. 

På investeringsbudsjettet vart det små rokkeringar der ein utsette noko av tildelte midlar for oppgradering  av kyrkjene mot å disponere dette til eigeninnsats ENØK-tiltak i kommunal bygningsmasse, både for kyrkjene og skulebygga. Forprosjekt Gjerdsvika hamn kom med i investeringsbudsjettet.

Det vart sett ned evalueringsgruppe for evaluering av skulestrukturen -  eit arbeid som tidlegare var vedteke av kommunestyret. Denne gruppa vil legge fram sitt arbeid i midten av februar og dette vil danne grunnlaget for vidare arbeid med eventuelle endringar i skulestrukturen. 

Rådmannen fekk ny tittel i dette møtet i samsvar med den nye kommunelova, og tittelen er no kommunedirektør. 

Sande kommune vedtok elles å overta det aktuelle reguleringsområdet (Haugelia II) for vidare utbygging og tomtesal.

Når heile protokollen for møtet er klar, vil du finne den på denne lenka.