Debut-konsert for kulturskuleelevar

  Klikk for stort bileteFellesbilde   

Ein glad gjeng unge musikantar etter sin første konsert! 

Måndag 3. februar inviterte kulturskulen til Debut-konsert for alle elevane som starta i fjor haust.
Ein flott bukett med 16 spente elevar møtte opp for å framføre det dei har jobba med i kulturskulen siste tida. Nokre var fram på scena to gongar med to ulike instrument.


Vi fekk høyre elevar på messing, piano, gitar, song, tromme og fiolin. Kjempeflinke alle saman! Lærarane Jette, Marlen, Knut Vegar, Bertil, Andrine og Alicja losa elevane på ein trygg måte gjennom konserten.  

Målsetjinga for Debut-konserten er å legge til rette for at dei ferskaste elevane skal ha ei trygg og tilpassa scene i lag med andre som har spelt like lenge.

Å framføre er ein av nøkkelkompetansane i musikkfaget. Det er viktig at elevane får trening i formidling, konsentrasjon, presentasjon og stressmestring. Å oppleve mestring i å framføre gir ein viktig grunnmur og motivasjonsfaktor i læringsprosessen.  

Alle elevane fekk diplom og rose etter at konserten var ferdig. Kjempeflott innsats av alle saman!