Det blir kulturskule-undervisning på Kvamsøya til hausten

Det blir kulturskule-undervisning på Kvamsøya til hausten

Lisabeth Brekke Sylthe Komande skuleår vil det bli kulturskuleundervisning på Kvamsøy med Lisabeth Brekke Sylte.

Vi kjenner Lisabeth ( Lizz) som ei energisk dame med eit brennande hjarte for song og musikk.
Som singer/songwriter og artist har Lizz lang erfaring i musikkbransjen. Ho har også eit stort engasjement for formidling av song og musikk til born og unge.

Meld deg på så fort du kan

Vi håper difor at mange vil nytte seg av tilbodet vi no vidarefører på Kvamsøy.

Påmelding til kulturskulen må skje via søknadsskjema på heimesida til Sande kommune:

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med Susann!

Kontakt

Susann Worren Hauge
kulturskulerektor
E-post
Mobil 91 64 36 76