Digital UKM i Sande 2021 - blir du med?

Digital UKM i Sande 2021 - blir du med?

Påmeldinga har vore open ei stund, men vi vil gjerne at du melder deg på no. Det blir ei spennande digital utgåve i år med digital sending 27. mars, der ein vil vise innslag frå alle dei kreative ungdommane i kommunen. Bli med då vel!

Påmelding - digital  UKM 2021

HER KAN DU MELDE DEG PÅ

Du kan lese meir på ukm.no/sande

Arrangøren legg opp til fylgjande måtar å delta i UKM 2021: 

  • Ungdomen kan sjølv produsere ein video og sende inn. Her er det inga avgrensing i kva dette kan vere, så det er berre å la kreativiteten sleppe laus. Viktig å fokusere på god lyd når ein skal spele inn tale eller musikk. 
  • Om du har eit tradisjonelt sceneinnslag, kan du også melde på dette. Sceneinnslaga vert då filma av arrangør i god tid før sendinga. Som alltid er det også høve å melde på kunstinnslag.

Meir detaljert informasjon om deltakinga kjem etter kvart, men arrangørane oppmodar ungdomen til å spørje om det er noko de lurer på.

Påmeldinga er open, så no er det berre for ungdommane i Sande å melde seg på. Kreativiteten og deltakinga har vore stor mellom ungdommane i Sande gjennom mange ulike utrykksformer: musikk, dans, kunst, film, stand up, drill, litteratur og mykje meir.
I tillegg til sceneinnslag, er det som vanleg også mulig å melde seg på som arrangør og/eller programleiar.

Sande ungdomsråd 2021

 

Sande ungdomsråd oppmodar alle som har lyst til å melde seg på her.