Dose to til dei som har fått AstraZeneca-vaksine

 Dersom du har fått ei dose med AstraZeneca-vaksine tidlegare i vår, vil du no få tilbod om dose to ganske snart.

26.mai og 2.juni er sett av til vaksinedagar for dei som tidlegare har fått AstraZeneca-vaksine som første dose. Det er flest helsepersonell i denne gruppa, men også nokre andre personar under 65 år. Desse blir oppringt av legekontoret  for å få avtale om tid til vaksinering. Eller du kan få ein sms.

Folkehelseinstituttet har på same måte som andre land valgt mRNA-vaksine som dose to og meiner dette er det  beste alternativet til vaksinering. 

Her er Informasjon om dose to til dei som har fått første dose med AstraZeneca -vaksine. (PDF, 145 kB)

Merk deg datoane og vent på telefon/ sms frå Sande legesenter dersom du tidlegare har fått AstraZeneca- vaksine.