Eigarmøte Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid

Eigarmøte Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid

Måndag 4. oktober møttest representantar frå kommunane Hareid, Sande, Ulstein Volda og Ørsta til ei samling med fokus på samarbeidet desse kommunane har innan barnevernstenesta.

Barnevernssjef i Volda kommune Aina Øyehaug Opsvik la fram ein presentasjon som syner gangen i ei barnevernsak. I teksten nedanfor forklarer ho korleis gangen er i slike saker. Figuren ovanfor er ei skjematisk framstilling av dette.

Det er viktig å hugse på at i denne skjematiske framstillinga handlar det om menneske som samhandlar. Det er barn, foreldre, familie, helsesjukepleiarar, barnehagelærarar, lærarar, fastlegar , tilsette i barnevernstenesta osb.

Barnevernstenesta arbeider etter Lov om barnevernstenjenester og forvaltningslova, men skal også ha god kunnskap om andre lovverk, som til dømes Barnelova og Helse og omsorgstenestelova. Tenesta har berre mynde til å gjere vedtak etter Lov om barnevernstenester.

Tenesta sender rapport til Statsforvaltaren halvårlig og Statsforvaltaren fører tilsyn med barnevernstenesta. Statsforvaltaren er også klageinstans.

Melding og undersøking

Ei sak i barnevernet startar alltid med at tenesta får ei melding om uro for eit barn. Kvar veke har tenesta meldingsmøte der det vert avgjort om saka skal gå vidare til undersøking eller skal leggast bort. Når ei sak går vidare til undersøking har tenesta 3 mnd, i særskilte høve 6 mnd, til å gjennomføre undersøking. I denne vert det innhenta opplysningar frå barnet, foreldra og  ulike samarbeidspartar. Det er berre det som meldinga omhandlar som skal undersøkast. Kjem det fram opplysningar som gir grunnlag for ytterlegare uro, kan barnevernstenesta utvide undersøkinga. Familien vert då informert om dette. Undersøkinga vert avslutta med vedtak om tiltak eller vedtak om at saka vert henlagt. Det vert også skrive ein sluttrapport som vert gått gjennom med barnet og foreldra.  

Hjelpetiltak

Vert det vedtatt at barnet skal få tiltak frå barnevernstenesta vert det utarbeidd ein tiltaksplan i samarbeid med barnet og foreldra. Denne vert evaluert om lag kvar tredje månad.  I evalueringa hentar ein inn opplysningar frå barnet, foreldre og eventuelle samarbeidspartar, og det vert vurdert om tiltak skal endrast, halde fram eller avsluttast. Tiltak som vert vedtatt av den kommunale barnevernstenesta er friviljuge.

Pålegg av tiltak

Om tenesta vurderer at det er behov for å pålegge tiltak vert det skrive sak til Fylkesnemnda for barneven og sosiale saker. I saksframstillinga skal tenesta belyse saka frå alle sider og også ta med private partar sitt syn på saka. Tenesta sitt framlegg til vedtak og tenesta si faglege vurdering er også ein viktig del av saka. Når saka vert behandla møter både private partar og kommunen med advokatar. Det er nemnda som tek avgjerd  i saka. Om partane ikkje er einig i det nemnda har bestemt, kan saka ankast vidare i rettssystemet.

Tiltak utanfor heimen

Når barn får tiltak utanfor heimen, oftast i fosterheim, vert barnet følgt  opp av tilsette i tenesta med særleg ansvar for dette. Barnet skal ha minimum fire, i særskilte tilfelle to oppfølgingsbesøk i året. Fosterheimen skal ha rettleiing og ein følger også opp skule, barnehage og anna. Biologiske foreldre vert følgt  opp og det vert tilrettelagt for samvær mellom barn, foreldre og eventuelt øvrig familie og nettverk. Viss barnet er på institusjon krev dette tett oppfølging.

Aina Øyehaug Opsvik | barnevernssjef | Tlf: 40092789 | E-post: Aina.Oyehaug.Opsvik@volda.kommune.no